Force Majeure av Tangerine Dream

studioalbum av Tangerine Dream
Force Majeure
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Februar 1979
Innspelt August–september 1978
Studio Hansa Studios i Berlin
Sjanger Elektronisk musikk, progressiv rock, space rock[1]
Lengd 40:14
Selskap Virgin
Produsent Chris Franke, Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Cyclone
(1978)
Force Majeure Tangram
(1980)


Force Majeure er det 12. albumet og niande studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, utgjeve i februar 1979. Det kom opphavleg ut på gjennomsiktig vinyl. Etter Stratosfear vart stilen på det albumet her utvikla vidare av Tangerine Dream mot ein meir melodisk stil dei skulle bruke mykje i 1980-åra. Til dømes er «Cloudburst Flight» meir som progressiv rock enn det bandet laga i 1970-åra innan Berlin-skulen.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]

Forvrenginga ein kan høyre i bass-sekvensen på «Thru Metamorphic Rocks» kom av ein utbrent transistor i miksepulten. Då bandet høyrte resultatet valde dei å la det vere slik.

Remixa utdrag av «Force Majeure» kalla «Lana» og av «Cloudburst Flight» kalla «Guido the Killer Pimp» vart nytta i filmen Risky Business medan eit remixa utdrag av «Thru Metamorphic Rocks» kalla «Igneous» vart nytta i Thief. Ein kraftig remixa versjon av framført på konsert i 2003 og seinare gjeve ut som «Meta Morph Magic» på albumet DM 4.

Etter at Steve Jolliffe hadde slutta i gruppa, spelte Edgar Froese og Chris Franke inn albumet på eiga hand i Berlin sommaren 1978. Klaus Krüger spelte igjen trommer, men slutta i bandet etter innspelinga. Edgar Froese sa i eit intervju med Neumusik i 1980: «Me brukte sju veker på innspelinga i eit godt studio midt på sommaren. Det var ei god kjensle, ein god atmosfære og ingenting å krangle om. Klaus Krüger slutta for å bli med Iggy Pop i New York, men utanom det kom me fram til å utelate trommene fordi det var så mange problem med det.»[2]

Force Majeure var det fjerde bestseljande albumet til Tangerine Dream i Storbritannia. Det nådde 26. plass på albumlista og låg sju veker inne på lista.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Force Majeure»18:17
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Cloudburst Flight»7:27
2.«Thru Metamorphic Rocks»14:30

Medverkande endre

Teknisk endre

  • Produsert og miksa av Christopher Franke, Edgar Froese
  • Lydteinkar – Eduard Meyer
  • Måleri og design – Monica Froese.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Kirby, Brian E. Force Majeure av Tangerine DreamAllmusic
  2. «Force Majeur». Voices in the Net. Henta 9. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff endre