Jordskjelvet i Tangshan 1976

Jordskjelvet i Tangshan (kinesisk: 唐山大地震, pinyin: Tángshān dàdìzhèn) var ein naturkatastrofe som råka storbyen Tangshan i Hebei-provinsen i Kina. Jordskjelvet fann stad klokka 03.42.54 lokal tid den 28. juli 1976. I fylgje kinesiske styresmakter hadde jordskjelvet styrke 7,8 på Richterskalaen. Jordskjelvet varte mellom 14 og 16 sekundar. 16 timar seinare kom eit etterskjelv som målte 7,1 på Richterskalaen.

Senteret for jordskjelvet i Tangshan
Tangshan 1976

Talet på døde var i følgje telegrambyrået Xinhua 242 419. Jordskjelvet i Tangshan var såleis det jordskjelvet på 1900-talet som kravde flest menneskeliv.

Episenteret låg 20 km sørvest Tangshan og fann stad på 22 kilomerts djupne, langs den 40 km lange Tangshan-forkastinga. Forkastinga sprakk opp grunna dei tektoniske kreftene som vart utløyst då Amurplata sklei over Eurausiaplata. Eit landområde på om lag 6 km x 8 km i Tangshan vart rasert. Mange av dei som overlevde det første skjelvet vart innesperra under raserte bygningar. Åttifem prosent av bygningane i byen fall enten saman eller var falleferdige. Skjelvet gjorde skade også i storbyane Tianjin og Beijing. 5,3 millionar hus vart heilt eller delvis øydelagde. Skjelvet kunne merkast så langt unna som Xi'an i Shaanxi-provinsen.

Kjelder endre