Tannu-Ola-fjella (tuvinsk Таңды-Уула; Tangdy-Uula) er ei fjellkjede sør i Sibir i republikken Tyva i Russland. Ho strekkjer seg frå aust til vest langs grensa til Mongolia. Den høgaste fjelltoppen er 2930 meter over havet.

Geografi endre

Nordsida av fjellkjeda er ein del av nedslagsfeltet til Jenisej og vender mot dei vestlege Sajanfjella. I aust er fjella så vidt inn i nedslagsfeltet til Selenga i Mongolia. Foten av fjellkjeda på sørsida går inn i Mongolia. Dei dannar den nordlege grensa for eit stor steppeområde, som strekkjer seg sørover til dei mongolske Altajfjella og inkluderer mellom anna saltsjøen Uvs Nuur. I vest ligg fjella nær dei nordlegaste Altajfjella i den russiske republikken Altaj.

Sjå òg endre

Kjelder endre

51°04′12″N 92°23′25″E / 51.07000°N 92.39028°E / 51.07000; 92.39028