Selenga
Selenga (russisk Селенга) eller Selenge (mongolsk Сэлэнгэ гол, Сэлэнгэ мөрөн) er ei elv i Mongolia og Russland.
Selenga | |||
elv | |||
Selenga sett frå «Sjamanklippa»
| |||
Land | Russland, Mongolia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 447 000 km² | ||
Lengd | 1 024 km | ||
Middelvassføring | 310 m³/s | ||
Kjelde | Der elvane Ideriin Gol og Delgermörön renn saman. | ||
Munning | Bajkalsjøen | ||
Selenga 49°15′43″N 100°40′47″E / 49.2619°N 100.6797°E | |||
Kart som viser Selenga.
| |||
Wikimedia Commons: Selenga |
Elva startar der elvane Ideriin Gol og Delgermörön renn saman i Mongolia og frå kjelda til Ideriin Gol til munningen i Bajkalsjøen er ho 1024 km lang. Selenga er den største elva som munnar ut i Bajkalsjøen og står for om lag halvparten av tilsiget. Selenga høyrer til nedslagsfeltet til Angara (som renn ut frå Bajkalsjøen) og Jenisej. Nedslagsfeltet til Selenga er på 447 000 km².
Selenga er stort sett ei saktegåande elv og renn gjennom både tronge dalar (opp til 1-2 km brei) og vide dalar (20-25 km brei). Vassføringa er vanlegvis låg om våren og størst om sommaren og hausten. Den middelvassføringa på grensa mellom Mongolia og Russland er 310 m³/s, 127 km frå munninge. Elva frys til frå november til april.
Dei største sideelvane er Egiin Gol og Orkhon i Mongolia og Dzjida, Tsjikoj, Khilok og Uda i Russland.
Elva er framkommeleg for skipsfart opp til byen Sükhbaatar i Mongolia. Andre byar er Ulan-Ude og den urbanliknande busetnaden Selenginsk i Russland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Селенга» frå Wikipedia på russisk, den 22. oktober 2008.