Tarbuck Crag er eit fjell i ei gruppe på tre toppar som ligg kring 1,4 km sørvest for Club Lake i Vestfold Hills. Fjellet er 140 meter over havet og har bratte sider i sør og aust. Fjellet vart den siste tellurometerstasjonen under kartlegginga til ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) av Prince Charles Mountains i 1969. Det vart namngjeve av Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA) etter J. Tarbuck, som var kokk på Wilkes-stasjonen i 1965 og på Davis-stasjonen i 1969. Han var òg ekspedisjonsassistent på ANARE ved Wilkes i 1967.

Tarbuck Crag
fjell
Land  Antarktis
Topp Princess Elizabeth Land
 •  høgd 140 moh.
 - koordinatar 68°35′S 78°12′E / 68.583°S 78.200°E / -68.583; 78.200
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Tarbuck Crag
68°35′00″S 78°12′00″E / 68.5833°S 78.2°E / -68.5833; 78.2
Tarbuck Crag is located in Antarktis
Tarbuck Crag (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Tarbuck Crag» (innhald frå Geographic Names Information System).