Tarja Halonen
Tarja Kaarina Halonen (fødd 24. desember 1943) er ein finsk politikar og jurist. Ho var presidenten i Finland frå 1. mars 2000 til 1 mars 2012.
Tarja Halonen | |
![]() | |
Fødd | 24. desember 1943 (79 år) Helsingfors |
---|---|
Statsborgar av | Finland |
Yrke | politikar, advokat, deltakar i internasjonale forum |
Utdanna ved | Helsingfors universitet |
Ektefelle | Pentti Arajärvi |
Sambuar | Kari Pekkonen |
Barn | Anna Halonen |
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling Romaklubben |
Alle verv |
|
Halonen vart fødd i arbeidardistriktet Berghäll (finsk Kallio) i Helsingfors. Ho tok jussutdanning ved Universitetet i Helsingfors (Helsingin yliopisto) og engasjerte seg samstundes i det nasjonale studentlaget. I 1970 vart ho tilsett som advokat for hovudorganisasjonen for finske fagforeiningar, SAK, og i 1971 gjekk ho inn i det sosialdemokratiske partiet. Ho var medlem i den finske Riksdagen frå 1979 til ho vart president. Halonen har også hatt tre ulike ministerpostar, helseminister (1987–1990), justisminister (1990–1991) og utanriksminister (1995–2000).
Halonen vart i 2000 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.