President i Finland

(Omdirigert frå Finlands president)

Presidenten i Finland er vald av det finske folket. Hen styrer utanrikspolitikken til Finland og er øvstekommanderande over det finske forsvaret.

Alexander Stubb, president i Finland sidan 1. mars 2024.[1]
Flagget til den finske presidenten.

Den finske presidenten har tenestebustad i Helsingfors, på Talludden i Mejlans. Sommarbustaden er Guldstranden (Kultaranta) i Nådendal.

Oppgåver endre

Presidenten utnemner dei øvste embetsmennene og dommarane i høgsterett, i tillegg skal hen utnemne ein til å danna regjering etter eit val. Andre oppgåver som tenesteutnemning av statsrådar og benåding følgjer også med.[2] Det er forventa at presidenten i republikken skal fungere som ein meklar og formidlar mellom partia. Trass i dette er det døme på at nokre finske presidentar har brukt stillinga si til å fremje posisjonen til sitt eige parti.

Valprosess endre

For å kunne bli president må ein vere innfødd finsk medborgar. Presidentperioden er seks år, og kan forlengast med éin periode.[3]

Presidenten blir vald i direkte val i to omgangar med seks års mellomrom. Viss ein av kandidatane får over halvparten av røystene i første omgang blir han eller ho vald til president direkte. Viss det ikkje er tilfelle går dei to kandidatane med flest røyster attom seg til ein andre valomgang, der den som får flest røyster vinn.

Tidlegare blei presidenten vald etter eit valmannssystem. Dei røysteføre valde valmenn etter forholdstalsmetoden (den såkalla D'Hondt-metoden), og deretter valde valmennene president etter eit relativt komplisert system.

Endringar endre

Etter at Mauno Koivisto sin presidentperiode var over i 1994 blei talet på valperiodar presidenten kan sitje avgrensa til to. Bakgrunnen for endringa var at Urho Kekkonen hadde vore president i over 25 år, noko som mange meinte hadde ført til at stillinga til presidenten hadde blitt for sentral.

Etter den gamle finske grunnlova (1919–2000) utnemnde også republikkens president personen som skulle danne regjering (i praksis statsministeren), og han kunne oppløyse parlamentet og skrive ut nyval. Etter den nye grunnlova (i kraft frå og med 1. mars 2000) kan presidenten ikkje lenger bestemme desse spørsmåla aleine.

Presidentar endre

  1. 1919–1925: Kaarlo Juho Ståhlberg
  2. 1925–1931: Lauri Kristian Relander
  3. 1931–1937: Pehr Evind Svinhufvud
  4. 1937–1940: Kyösti Kallio
  5. 1940–1944: Risto Heikki Ryti
  6. 1944–1946: Carl Gustaf Emil Mannerheim
  7. 1946–1956: Juho Kusti Paasikivi
  8. 1956–1981: Urho Kaleva Kekkonen
  9. 1981–1994: Mauno Henrik Koivisto
  10. 1994–2000: Martti Oiva Kalevi Ahtisaari
  11. 2000–2012: Tarja Kaarina Halonen
  12. 2012–2024: Sauli Väinämö Niinistö
  13. 2024– : Alexander Stubb

Dei følgjande presidentvala har av ulike grunnar blitt gjennomført på måtar som skil dei frå andre presidentval: Ved det første presidentvalet i 1919 var det parlamentet som valde president (Ståhlberg), det same gjorde det etter at Mannerheim gjekk av i 1946 (Paasikivi). I presidentvala under Den andre verdskrigen, 1940 (Ryti, berre for tre år) og 1943 (Ryti) fungerte valmennene som hadde blitt valde i 1937. Etter at Risto Ryti gjekk av i 1944 blei marskalk Mannerheim utnemnd til president ved lov, og i 1973 blei Urho Kekkonen sin presidentperiode forlenga for fire år (1974–78) med hjelp av ein unntakslov.

Alexander StubbAlexander StubbSauli Väinämö NiinistöSauli Väinämö NiinistöTarja HalonenTarja HalonenMartti AhtisaariMartti AhtisaariMauno KoivistoMauno KoivistoUrho KekkonenJ.K. PaasikiviJ.K. PaasikiviC.G.E. MannerheimC.G.E. MannerheimRisto RytiRisto RytiKyösti KallioKyösti KallioPehr Evind SvinhufvudPehr Evind SvinhufvudLauri Kristian RelanderLauri Kristian RelanderLauri Kristian RelanderKaarlo Juho StåhlbergKaarlo Juho Ståhlberg

Etter at presidentperioden er over får den tidlegare presidenten tittelen «president», og dette heidersnamnet har han eller ho rett til å bere livet ut.

Kjelder endre

  1. Märta Nummenmaa & Stefanie Lindroos. «Nu är Alexander Stubb Finlands nya president – följ maktskiftet» (på svensk). Yle. Henta 1. mars 2024. 
  2. «Uppgifter» (på svensk). Republikens presidents kansli. Henta 1. mars 2024. 
  3. «Val av president» (på svensk). Republikens presidents kansli. Henta 1. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: President i Finland