Taro er ei 126 km lang elv nord i Italia og ei av sideelvane til Po frå høgre. Nesten heile elva renn innanfor provinsen Parma, vest for byen Parma. Taro munnar ut i Po nord for byen.

Taro
elv
Plasseringa til Taro
Land  Italia
Nedslagsfelt 2 026 km²
Lengd 126 km
Middelvassføring 30 /s
Kjelde Dei liguriske Appenninane ved Monte Penna
 - høgd om lag 1 300 moh.
Munning Po nær Gramignazzo (PR)
Kart
Taro
45°00′15″N 10°15′36″E / 45.004275°N 10.259877777778°E / 45.004275; 10.259877777778
Wikimedia Commons: Taro river

Taro har eit nedslagsfelt som dekkjer 2 026 km² og dei viktigaste sideelvane er Ceno, Recchio og Stirone. Både Taro og Ceno har sitt utspring frå Monte Penna (1 735 moh) i Appenninane.

Vassføringa til elva varierer stort gjennom årdet. Om sommaren kan ho tørke heilt opp, medan ho i tunge regnperiodar kan få opp til 1000 m³/s, og i store flaumsituasjonar opp mot det dobbelte, som 9. november 1982.

Tarodalen var ein strategisk viktig stad i mellomalderen og vart kryssa av Via Francigena, hovudvegen mellom Roma og Frankrike i dette området.

20 km av elva mellom Fornovo di Taro og Ponte Taro utgjer eit verna område kalla Taro regoinale naturpark med mange småøyar av sand og grus og variert dyre- og planteliv.

Då Frankrike okkuperte Italia under napoleonskrigane gav elva namn til eit departement (sjå departementet Taro).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre