Stirone er ei lita elv i Emilia-Romagna nord i Italia og ei av sideelvane til Taro frå venstre, kort tid før denne munnar ut i Po.

Stirone
elv
Land  Italia
Kart
Stirone
44°42′55″N 9°55′17″E / 44.71518°N 9.92132°E / 44.71518; 9.92132
Wikimedia Commons: Stirone

Kjelda til elva ligg i fjellsida til Monte Mezzano og Monte Santa Cristina. Delar av elva dannar grensa mellom provinsane Piacenza og Parma. Ho dannar så hovuddelen av regionsparken Parco Regionale Fluviale Stirone, som er særleg kjend for fossilane som er funne her og som strekkjer seg til byen Fidenza. Elva munnar ut i Taro ved Fontanelle, ein del av Roccabianca.

I følgje segna vart Domninus av Fidenza martyrdrepen ved breidda i år 304.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Stirone