Taus
Ei taus er i tradisjonell norsk språkbruk ei tenestejente; i somme dialektar er ordet bruka synonymt med jente.
Der som ikkje er Taus, fær Kona tena seg sjølv. |
Opphavet til ordet er usikker, det kan ha samanheng med tos ('trevlar', 'rusk');[1] det kan òg komme av ei germansk grunnform *Þausó , ei avlydsform til Þéwisa, gotisk for tenarar.[2]
I borgarleg tradisjon har ordet vore bruka nedsetjande, i forma tøs har ordet i folkeleg språk tydinga 'lauslynt jente', 'prostituert'.[3]