Taybeh (arabisk الطيبة) er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, 15 kilometer nordaust for Jerusalem[1] og 12 kilometer nordaust for Ramallah i Ramallah og al-Bireh guvernement, 850 meter over havet. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Taybeh eit folketal på 1 452 i 2007.[2] Han er den siste busetnaden på Vestbreidda som berre er busett av kristne innbyggjarar.[3]

Taybeh
الطيبه
landsby
Land  Palestina
Guvernement Ramallah og al-Bireh
Høgd 850 moh.
Koordinatar 31°57′16″N 35°18′01″E / 31.95444°N 35.30028°E / 31.95444; 35.30028
Folketal 1 452  (2007)
Kart
Taybeh
31°57′16″N 35°18′01″E / 31.954444444444°N 35.300277777778°E / 31.954444444444; 35.300277777778
Wikimedia Commons: Taybeh

Etymologi endre

 
Ruinane av St. Georg-kyrkja.

Taybeh har blitt identifisert som staden Ophrah, nemnd i Bibelen (Josvas bok 18:23) som byen til Benjamin, og seinare namngjeven Efraim.[4] Men ordet «Ophrah» høyrtes for lik ut «afrit» (arabisk عفريت) som tyder «demon» på arabisk.[treng kjelde] Under Saladin[treng kjelde] vart namnet endra til «Taybeh», «Den staute».[5]

Det nye testamentet endre

I følgje Bibelen, skal Jesus etter å ha vekt til livet Lasarus, trekt seg attende til denne byen med disiplane sine. Johannes sa, «Frå den dagen la dei (farisearane) planar om å drepa han. Difor gjekk ikkje Jesus ope omkring mellom jødane lenger, men tok ut derifrå og drog til området ved øydemarka, til ein by som heiter Efraim. Der var han ei tid saman med læresveinane sine.» (John 11: 53-54).

Historie endre

 
Taybeh

På 400-talet vart det bygd ei kyrkje kalla St. Georg-kyrkja aust for byen. På 1100-talet vart det bygde ei anna kyrkje av krossfararane, tilknytt den første. I 1185 gav Balduinus IV, konge av Jerusalem, Boniface de Montferrat borga St. Elias, plassert i den høgareliggande delen av byen.

I 1596 var ein landsby kalla Tayyibat al-Isem oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 63 muslimske hushaldningar og 23 kristne familiar. Landsbyen betalte skatt for kveite, bygg, vindruer eller frukttre, og geiter eller bikubar.[6]

Kring 1810-1820 vart det utkjempa eit stort slagsmål i landsbyen mellom rivalane «Kais» og «Yamani». Til slutt klarte «Yamani»-fraksjonen, leia av sjeiken i Abu Ghosh, å få kontroll over Taybeh.[7]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og estimerte at Thayebeh hadde kring 800 innbyggjarar, av dette 60 katolikkar og resten gresk-ortodokse.[8] Han noterte òg ruinane av ein stor bygning på toppen av ei høgd.[8]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Taiyibeh som ein «stor, kristen landsby, godt synleg i terrenget, med velhaldne steinhus. Eit sentral tårn står på toppen av høgda, og å kvar side er det oliven- og fikenhagar lågare nede. Ruinane av St. Georg-kyrkja ligg i nærleiken, og i landsbyen ligg ruinane av ei borg. Innbyggjarar er gresk-ortodokse[9]

I 1927 vart det bygd ei gresk-ortodoks kyrkje over ei bysantinsk kyrkje, der ein nytta seg av dei arkitektoniske elementa frå den gamle kyrkja.[10]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Al Taibeh eit folketal på 954 kristne og 7 muslimar,[11] medan han i folketeljinga i 1931 hadde eit folketal på 1038 kristne og 87 muslimar fordelt på 262 hus.[12]

I 1945 var folketalet 1 330, alle arabarar, medan det samla landarealet var 20 231 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[13] Av dette var 5 287 for plantasjar og irrigert land, 5 748 for korn,[14] medan 80 mål var klassifisert som utbygde område.[15]

I september 2005 kom hundrevis av muslimske menn frå Deir Jarir og sette hus og bilar i Taybeh i brann etter eit æresdrap av ei 30 år gammal muslimsk kvinne frå Deir Jarir som var sagt å ha eit forhold til ein kristen mann frå Taybeh.[16] Politfolk frå Den palestinske sjølvstyresmakta kom til åstaden og redda ølbryggeriet i landsbyen frå å brenne ned.[17][18][19]

Kjelder endre

  1. In search of Vestbreidda’s elusive Sufi Trail, Jerusalem Post
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.114.
  3. «A Palestinian Brewery Grows in the West Bank». Time. 8. oktober 2009. 
  4. Palestinians raise a glass at the West Bank October Fest, Jerusalem Post
  5. Palmer, 1881, s.245
  6. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 116. 
  7. Conder og Kitchener, 1882, s. 371
  8. 8,0 8,1 Guérin, 1869, s. 45-51; partly repeated in Guérin, 1874, s. 206-207
  9. Conder og Kitchener, 1882, s. 293
  10. Dauphin, 1998, s. 832
  11. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table VII, Ramallah underdistrikt. 
  12. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine. s. 51. 
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 65
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 113
  15. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 163
  16. A frightening family feud
  17. Moslems torch 14 Christian homes near Ramallah
  18. Israel and the occupied territories, Bureau of Democracy, Human Rights, and Labor 2005: 8. mars 2006
  19. 'Islamic mafia' accused of persecuting Holy Land Christians

Bakgrunnsstoff endre