Abu Ghosh (arabisk أبو غوش; hebraisk אבו גוש) er ein arabisk-israelsk by i Israel, 10 km vest for Jerusalem langs Tel Aviv-Jerusalem-vegen. Han ligg 610–720 meter over havet. I 2010 kom byen i Guinness rekordbok for største hummusrett. Abu Ghosh er kjend for det gode tilhøvet til Staten Israel og gjestfriheita mot israelske jødar.

Abu Ghosh
אבו גוש, אַבּוּ ע'וֹשׁ, أبو غوش
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Høgd 610–720 moh.
Koordinatar 31°48.288′N 35°6.744′E / 31.804800°N 35.112400°E / 31.804800; 35.112400
Areal 2,5 km²
Folketal 6 512  (2012)[1]
Folketettleik 2 605 / km²
Kart
Abu Ghosh
31°48′17″N 35°06′45″E / 31.804722222222°N 35.1125°E / 31.804722222222; 35.1125
Wikimedia Commons: Abu Ghosh

Historie endre

Abu Ghosh er ein av dei tidlegaste busetnadane i Israel.[2] Arkeologiske utgravingar har funne busetnader frå yngre steinalder i tre fasar, og den midtre fasen er datert til 6000-talet fvt.[3] Det gamle arabisk namnet er Qaryat al'Inab («Druelandsbyen») og Abu Ghosh er derfor indentifisert som den bibelske staden Kiryat Ye'arim.[2]

Legio X Fretensis frå den romerske armeen hadde eit stasjonshus i Abu Ghosh fram til slutten av 200-talet.[2]

Landsbyen er òg assosiert med Anathoth, fødestaden til profeten Jeremia.

Osmansk tid endre

Abu Ghosh er namnet på ein arabisk familie som slo seg ned her tidleg på 1500-talet.[2] I følgje familetradisjonen var dei av tsjerkessisk ætt, og grunnleggjaren kjempa i lag med Selim I.[4] På 1700-talet budde dei i ein landsby nær Beit Nuba, der dei styrte området kring frå.[4] I følgje tradisjonen skal folk frå Bani Amir-familien og landsbybuarane i Beit Liqya ha gjort opprør mot dei og drepe heile Abu Ghosh-klanen utanom ei kvinne og barnet hennar, som førte Abu Ghosh-namnet vidare.[4]

Familien kontrollerte pilegrimsruta frå Jaffa til Jerusalem, og tok bompengar av pilegrimane som passerte landsbyen. Kyrkjene i Jerusalem betalte òg skatt til Abu Ghosh-klanen.[2][5] På 1800-talet vart landsbyen òg kalla Kuryet el' Enab.[6]

Abu Ghosh vart angripen av ein egyptisk militærstyrke under arabaropprøret i Palestina i 1834. Han vart angripen att i 1853 under ein borgarkrig mellom føydale familiar under Ahmad Abu Ghosh som gav nevøen Mustafa ordre om å gå i kamp. Eit tredje åtak på Abu Ghosh, utført av osmanske militærstyrkar, med støtta av britiske styrkar, fann stad under eit militært oppdrag mot dei føydale familiane i 1860-åra.

Kiryat Anavim, den første kibbutz i Judeafjella, vart grunnlagd nær Abu Ghosh i 1914, på land kjøpt frå Abu Ghosh-familien.[7]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 7. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Moshe Sharon (1. august 1997). Near and Midle East. BRILL. s. 3. ISBN 978-90-04-10833-2. Henta 8. oktober 2014. 
  3. Avraham Negev, Shimon Gibson (2005) Archaeological Encyclopedia of the Holy Land. Continuum International Publishing Group, ISBN 0-8264-8571-5
  4. 4,0 4,1 4,2 Ruth Kark and Michal Oren-Nordheim (2001). Jerusalem and its Environs. Hebraisk universitet Magnes Press. s. 230–231. ISBN 0-8143-2909-8. 
  5. Abu Ghosh - The Saga of an arabarar Village
  6. Survey of Western Palestina, 1870. Index page 3.
  7. Army of shadows: palestinsk collaboration with sionisme, 1917 – 1948 / Hillel Cohen[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Abu Gosh frå Wikivoyage