Opna hovudmenyen

Tayibe (òg skrive Taibe, Taibeh eller Tayiba; arabisk الطيبة aṭ-Ṭayyibah ; hebraisk skrift טַיִּבָּה) er ein arabisk by sentralt i Israel, 12 km aust for Kefar Sava.[2] I 2011 hadde han eit folketal på 38 575.[3] Tayibe er ein del av Triangelet. I 2001 hadde byen 100 % arabarar (99,7 % muslimar), utan jødisk folkesetnad.

Tayibe
الطيبة, טייבה
by
PikiWiki Israel 16164 Center of Taybee.jpg
Våpenskjold
Namneopphav: Den staute[1]
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°16′0″N 35°00′37″E
Areal 18,66 km²
Folketal 38 575 (2011)
Folketettleik 2 067 / km²
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tayibe

Innhaldsliste

HistorieEndra

Ein landsby kalla Tayyibat al-Ism stod på lista over land som vart gjeve av sultanen Baibars til amirane sine i 1265–1266, kring 500 år etter arabarane erobra Palestina. Under mamelukkane var landsbyen nemnt i dokument som refererer til waqfen av moskeen i Hebron.[4]

Under osmansk styre syner skattelista frå 1596 at landsbyen høyrte til Bani Sab nahiya. Han hadde eit folketal på 50 hushaldningar («khana») og 5 ungkarar, alle muslimar, som betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar (inkludert gura, melonar, bønner, grønsaker etc.), oliventre, bikubar og geiter.[5]

Den franske oppdagaren Victor Guérin skildra staden som ein landsby sør for Fardisya,[6] medan «Survey of Western Palestina» mot slutten av 1800-talet skildra Tayibe som: «ein stor, spreidd landsby øvst i ei li, hovudsakleg bygd av stein. Han er forsynt av cisterner og omringa av olivenlundar.»[7]

I folketeljinga i 1931 hadde Tayibe 2 944 innbyggjarar i 658 hus, alle muslimar. Talet kan ha inkludert to beduinstammer som heldt til i nærleiken.[8]

I 1945 var folketalet 4 290 arabarar, medan landarealet var 32 750 dekar, i følgje ei offisiell landmåling. Dette inkluderte somme nærliggande arabiske samfunn.[9] Av dette var 559 for sitrus og bananar, 3 180 plantasjar og irrigert land, 23 460 for korn,[10] medan 281 dekar var klassifisert som utbygde område.[11]

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 erobra israelske styrkar landområdet kring byen, men ikkje sjølve byen. Tayibe vart overført til Israel som ein del av våpenkvileavtalen med Jordan.[2] I følgje David Gilmour, «var innbyggjarane rasande over at Abdullah I av Jordan berre hadde gjeve byen til Israle, men var glad for at dei fekk landområdet sitt attende. Men eigedomslova av 1950, som fekk tilbakeverkande kraft, vart nettopp laga for ta seg av saker som denne. Sjølv om dei ikkje hadde flytta frå landsbyen, vart innbyggjarane erklært fråverande og landområdet deira som fråflytta eigedom. I følgje landsbybuarane tapte dei kring 3/4 av landområdet sitt.»[12]

Tayibe fekk lokal kommunestatus i 1952. I 1990 fekk han bystatus.[2]

IdrettEndra

Hapoel Tayibe F.C. er ein fotballklubb i Tayibe. I 1996 vart han den første israelsk-arabiske klubben som spelte i den øvste divisjonen i Israel.[13]

LandemerkeEndra

Ei gammal eik i Tayibe vart erkært den største i Israel. Eika har ein omkrins på 690 centimeter. I følgje ei lokal segn er det ein engel som vaktar over treet og hemnar skadar på treet. Det er sagt å vere 1 400 år gammalt, men dette er ikkje vitskapleg bevist.[14]

KjelderEndra

  1. Palmer, 1881. s. 193
  2. 2,0 2,1 2,2 About Tayibe
  3. «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2008. Henta 5. oktober 2014. 
  4. Petersen, 2001, s.296
  5. Hütteroth, Wolf-Dieter and Kamal Abdulfattah (1977), Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 141
  6. Guérin, 1875, s. 352
  7. Conder og Kitchener, 1882, s.166. Sitert i Petersen, 2001, s.296
  8. Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem, 1932, p58
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 76
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 128
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 178
  12. Walter Schwarz: The arabarar i Israel Faber & Faber, London 1959, s. 40, and Israel and Palestine, No. 51 (August 1976), s.1. Sitert i Gilmour, 1983, s. 106
  13. It's a level playing field, Haaretz
  14. Lightning strike brings new fame to giant old eik. Haaretz.

BakgrunnsstoffEndra