Kefar Sava (hebraisk: כְּפַר סָבָא) er ein by i Sharon-området i Sentral-Israel i Israel. Mot slutten av 2009 hadde Kefar Sava eit folketal på 83 600.[1]

Kefar Sava
כְּפַר סָבָא
by
Flagg
Våpenskjold
Namneopphav: Bestefar-landsbyen/Sabalandsbyen
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°10′17″N 34°54′30″E / 32.17139°N 34.90833°E / 32.17139; 34.90833
Areal 14,17 km²
Folketal 83 600  (2009)[1]
Folketettleik 5 900 / km²
Grunnlagd 1903
 - Bystatus 1962
Borgarmeister Yehuda Ben-Hamo
Kart
Kefar Sava
32°11′09″N 34°54′28″E / 32.185783333333°N 34.907683333333°E / 32.185783333333; 34.907683333333
Wikimedia Commons: Kfar Saba
Nettstad: www.kfar-saba.muni.il (he)

Historie endre

Busetnaden fekk namn etter rabbi Abraham Saba, som skreiv boka Zeror ha mor.

 
Brulegging i Kefar Sava i 1929

Antikken endre

Kefar Sava var ein viktig busetnad i tida under Det andre tempelet,[2][3] og er nemnt første gongen i notata til Josefus, der han fortel om forsøket til Alexander Jannaeus om å stoppe invasjonen frå nord leia av Antiokhos (Antiquities, bok 13, kapittel 15). Kefar Sava er òg nemnt i Talmud i samband med korntiende og Capharsaba morbær-fikentre.[2]

Utgravingar på staden har avdekt eit stort romersk bad. I bysantinsk tid vart ruinane av badet først omgjort til fiskedammar, og seinare som ein del av eit industriområde.[4]

Osmansk tid endre

 
Mausoleet til Nabi Yamin/Benjamin-grava

I 1596 var den arabiske landsbyen Kafr Saba busett av 42 muslimske familiar.[5] I 1870-åra vart han skildra som «ein leirsteinslandsbyen av moderat storleik med gjørmhol kring seg og gode vasstilhøve i brunnar i Neby Yemin i aust.»[6] Den jødiske byen Kefar Sava vart grunnlagd i 1898 på 7 500 dekar land som vart kjøpt frå den arabiske landsbyen.[7] Trass i marknadsføring i Jerusalem og London, klarte ein ikkje å selje teigar til privatfolk, sidan landområdet låg aude til i eit område med få jødiske busetjingar.[3] Den osmanske pasjaen Nablus, som styrte landområdet, nekta å gje ut byggeløyve, og dei første nybyggjarane måtte derfor bu i hytter av leire og siv. Dei levde av å dyrke mandlar, druer og oliven. Dei første arbeidarane var bønder frå Qalqilya. Først i 1912 vart det gjeve byggløyve og innbyggjarane flytta inn i permanente hus.[3]

Under Palestina-felttoget under fyrste verdskrigen, låg Kefar Sava ved frontlinja mellom den britiske arméen til general Allenby og den osmanske armeen, og vart øydelagd. På denne tida kom kring tusen innbyggjarar frå Tel Aviv og Jaffa for å busetje seg i byen. Dei hadde blitt deporterte frå heimane sine av osmanarane.

Det britiske mandatet endre

På grunn av Jaffa-opprøra i 1921 kunne desse deporterte innbyggjarane flytta attende til dei opphavlege heimstadane sine. I 1922 kom dei opphavlege innbyggjarane tilbake til landsbyen, og fekk i 1924 med seg fleire folk. I denne perioden byrja dei å dyrke sitrusfrukter. Staden fekk då status som lokal kommune.[8]

Staten Israel endre

I månadane fram til krigen i 1948 vart Kefar Sava angripe av lokale, arabiske militssoldatar Kafr Saba. Den arabiske frigjeringshæren (ALA), ein armé som bestod av frivillige frå fleire kringliggande arabiske land, sendte soldatar for å støtte opp om desse åtaka.[9] I 1962 fekk Kefar Sava bystatus.[10]

Byen ligg like over Den grøne linja for Kalkilya og har ofte vorte utsett for terroriståtak. I mai 2001 tok ein palestinsk-arabisk sjølvmordsbombar med eit bombebelte livet av ein lege og skadde 50 ved ein busstopp i Kefar Sava.[11] I mars 2002 opna ein palestinsk terrorist eld mot forbipasserande ved eit stort vegkryss og tok livet av ei israelsk jente, og skadde 16 andre, før han sjølv vart skoten og drepen.[12] I april 2003 sprengde ein palestinsk sjølvmordsbombar seg sjølv på Kefar Sava togstasjon i rushet om morgonen, og tok livet av ein tryggleiksvakt og skadde ti sivile.[13]

Demografi endre

 
Bydelen Hadarim i Kefar Sava

I 1922 hadde Kefar Sava 14 jødar.[14] I folketeljinga i 1931 hadde talet vokse til 307 jødar, 9 kristne og ei ikkje-religiøs kvinne.[15] I 1945 hadde byen eit folketal på 4 320 jødar.[16]

Ifølgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var den etniske samansetjinga i 2001 99,9 % jødar og 0,1 % andre.

Arkeologi endre

Det er gjort funn av ein eldgamal, israelittiske landsby aust for byen, som ein trur kan vere ruinane av den bibelske byen Kafarsaba. Kefar Sava arkeologiske museum syner funn frå området.[17]

Venskapsbyar endre

Kefar Sava er venskapsby med:

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 12. april 2015. 
  2. 2,0 2,1 The Origin of the Name Capharsaba Arkivert 2008-05-23 ved Wayback Machine. Kfar Sava Municipal Council
  3. 3,0 3,1 3,2 Vilnai, Ze'ev (1976). «Kefar-Sava». Ariel Encyclopedia. Volume 4. Israel: Am Oved. s. 3790–96.  (he)
  4. I følgje Ayalon, 1982. Sitert i Petersen, 2002, s.233
  5. Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). «Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century». Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 140. 
  6. C. R. Conder and H. H. Kitchener, The Survey of Western Palestine, II, p134.
  7. Carl Hoffman (17. juni 2009). «Pride and preservation». The Jerusalem Post. Henta 5. oktober 2014. 
  8. Historie Kfar Saba Municipal Council (he)
  9. Benny Morris, 1948: A History of the First Arab-Israeli War, Yale University Press, s. 164
  10. Mordechai Surkis: Public Activities Knesset website
  11. Jessica Steinberg (4. mai 2001). «Israeli yuppie town of Kfar Saba now finding itself on the front line of the battle with the Palesti». JWeekly.com. Jewish Telegraphic Agency. Henta 30. mars 2015. 
  12. «security: Suicide attacks in Kfar Saba and Jerusalem kill one israelske». israelinsider. 17. mars 2002. Henta 30. mars 2015. 
  13. «Guard killed and 10 hurt in Israel suicide attack». The Independent. 24. april 2003. Henta 30. mars 2015. 
  14. Report and General Abstracts of the Census of 1922. Table VII.
  15. Census of Palestine 1931, Population of landsbyar, Towns and Administrative areas. p14
  16. Village Statistics 1945
  17. TravelNet in cooperation with Israel museums. «Arkeologi Museum of Kfar Saba». Ilmuseums.com. Henta 27. april 2015. 
  18. «Wiesbaden's international city relations». Henta 24. desember 2012. 

Bakgrunnsstoff endre

Offisiell nettstad (he)