Teigetua er ein fjelltopp på Nerlandsøya i Herøy kommune på Sunnmøre.

Toppen er 268 meter over havet, nordaust på Nerlandsøya, i grunnkrinsen Kvalsund. Rett ned om toppen er det montert eit større antenneanlegg, som mellom anna tek imot og vidaresender kringkastingssignal. Opptil dette anlegget går det ein køyrbar veg frå fylkesveg 21, som går gjennom matrikkelgarden Teige.