Tel Yitzhak (hebraisk skrift תֵּל יִצְחָק, tyder 'Yitzhak-høgda') er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta søraust for Netanya og høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 851 innbyggjarar.

Tel Yitzhak
תֵּל יִצְחָק
kibbutz
Land  Israel
Region Kystsletta
Distrikt Sentral
Kommune Hof HaSharon
Koordinatar 32°15′8.64″N 34°52′8.76″E
Folketal 822 (2021)[1]
Grunnlagd 1938
 - Grunnlagd av Galician immigrantar
Tilhøyrsle HaOved HaTzioni
Kart
Tel Yitzhak
32°15′9″ N 34°52′9″ E
Wikimedia Commons: Tel Yitzhak

Kibbutzen vart grunnlagd i 1938 av immigrantar frå Galicia som ein del av tårn og palisade-busetjingsprosjektet. Han vart kalla opp etter Yitzhak Steiger, ein leiar for Hanoar Hatzioni i Galicia.

Naturreservat endre

Sørvest for kibbutzen ligg eit lite (8 mål) naturreservat, som vart oppretta i 1968,[2] for å bevare noko av det originale bladverket på Sharonsletta.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.
  2. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 30. september 2014. 
  3. «Tel Yitzhak naturreservat» (på hebraisk). iNature.info. Henta 3. september 2015.