«Telemóveis»
Song av Conan Osirís
Land Portugal
Språk Portugisisk
Utgjeve 11. februar 2019
Sjanger Worldbeat
Lengd 03:05
Selskap Ao Sul do Mundo
Komponist Conan Osíris
Låtskrivar(ar) Conan Osirís

«Telemóveis» (norsk 'mobiltelefonar') er ein song frå 2019 som vert framført av den portugisiske songaren og låtskrivaren Conan Osirís. «Telemóveis» vann den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2019 og var det portugisiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen er komponert og skriven av Osirís sjølv.

Om songen

endre
 
Conan Osirís framfører «Telemóveis» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

«Telemóveis» var ein av 16 songar som vart plukka ut av kringkastaren RTP til songtevlinga Festival da Canção 2019, den portugisiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2019. Songen er skriven og produsert av Conan Osíris og vann den portugisiske finalen 2. mars, etter å ha vore favoritten både hos juryane og i telefonavrøystinga.[1]

«Telemóveis» er ein worldbeat-song som blandar pop og rock med tradisjonelle portugisiske musikksjangrar.[2] Den spanske avisa 20 minutos kalla songen ein «miks av elektroniske rytmar med meir orientalske lydar».[3] Francisco Chacón i den spanske avisa ABC meinte songen hadde «arabiske element»,[4] medan avisa El Confidencial skildra songen som ein «blanding av arabiske element med techno og afrikanske rytmar».[5]

Eurovision Song Contest

endre

I januar 2019 vart Portugal trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Portugal hadde startnummer 15.[6] «Telemóveis» enda på 15. plass i semifinalen og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 18. mai.[7]

Listeplasseringar

endre
Liste (2019) Høgaste

plassering

  Portugal (AFP)[8] 10

Kjelder

endre
  1. M. Escudero, Victor (3. mars 2019). «It's Conan Osíris for Portugal in 2019!». EBU. 
  2. Jonas (16. mars 2019). «The tempo of the 2019 entries listed from slowest to fastest». ESC Nation. 
  3. «Portugal ya tiene representante para Eurovisión 2019: Conan Osíris y su canción imposible». 20 minutos (på spansk) (Multiprensa & Mas S.L.). 3. mars 2019. Arkivert frå originalen den 3. mars 2019. Henta 7. mai 2019. 
  4. Chacón, Francisco (3. mars 2019). «El pop mestizo de Conan Osiris representará a Portugal en Eurovisión». ABC (på spansk) (Grupo Vocento). Arkivert frå originalen den 3. mars 2019. Henta 7. mai 2019. 
  5. Carmen Sevilla, Mari (3. mars 2019). «La arriesgada apuesta de Portugal en Eurovisión 2019». El Confidencial (på spansk) (Titania Compañía Editorial S.L.). Arkivert frå originalen den 9. mars 2019. Henta 7. mai 2019. 
  6. «First Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 7. mai 2019. 
  7. «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019. 
  8. «Portugesecharts.com – Conan Osíris – "Telemóveis"» (på engelsk). Henta 7. mai 2019.