Portugal i Eurovision Song Contest
Portugal debuterte i Eurovision Song Contest i 1964 og har delteke 53 gongar. Portugal var frå 2006 til 2017 det landet som hadde delteke flest gongar utan å vinne, og fram til 2017 var den beste plasseringa til Portugal ein sjetteplass. I 2017 lykkast det omsider for Portugal å vinne Eurovision Song Contest for fyrste gong, då Salvador Sobral vann tevlinga med balladen «Amar pelos dois». Portugal arrangerte difor Eurovision Song Contest i 2018. Portugal har komme sist fire gongar: i debutåret 1964, i 1974, i 1997 og på heimebane i 2018. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Portugal kvalifisert seg til finalen 7 av 16 gongar.[1]
| |||||
---|---|---|---|---|---|
Offisielt | Portugal | ||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 52 | ||||
Internt | 1 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 1964 | ||||
Deltakingar | 53 | ||||
Beste resultat | |||||
Semifinalen | 1 (2017) | ||||
Finalen | 1 (2017) | ||||
Verste resultat | |||||
Semifinalen | 19 (2006) | ||||
Finalen | Sist (1964, 1974, 1997 og 2018) | ||||
Poeng | |||||
Semifinalane | 1 496 | ||||
Finalane | 2 413 | ||||
Totalt | 3 909 |
Historikk
endreDet er den portugisiske statskringkastaren RTP som sender Eurovision Song Contest i Portugal, og som vel det portugisiske bidraget til tevlinga. Bidraga til Portugal har alltid vorte valde gjennom den årlege portugisiske songtevlinga Festival da Canção – tilsvarande norske Melodi Grand Prix.
Portugal debuterte i Eurovision Song Contest i København i 1964, men fekk ein tøff start då dei hamna heilt sist utan å få nokon poeng. Også resten av 1960-åra baud på låge plasseringar, og i 1970 valde RTP å stå over tevlinga.
Lang veg til siger
endreDei neste ti åra vart langt bedre resultatmessig, og fem gongar kom Portugal på topp ti. Sjuandeplassane i 1972 og 1980 var dei beste plasseringane til Portugal heilt fram til 1996, då Lúcia Moniz song Portugal til ein sjetteplass med «O meu coração não tem cor». Songen fekk 12 poeng blant anna frå den norske juryen, og sjetteplassen var den beste plasseringa til Portugal i Eurovision Song Contest fram til 2017.[2] Suksessen bana veg for ein vidare song- og skodespelarkarriere for Moniz, både i og utanfor Portugal. Blant anna spela ho den portugisiske hushjelpa Aurélia i juleklassikaren Love Actually.[3]
Etter 2000 har Portugal hatt liten suksess i tevlinga. I 2008 vart Vânia Fernandes nummer 13 av 25 i finalen, den beste plasseringa til Portugal på ti år. Sidan EBU innførte semifinalar i Eurovision Song Contest i 2004, har Portugal berre kvalifisert seg til finalen fem av tretten gongar.[1] I 2017, på sitt 49. forsøk, lykkast det omsider for Portugal å vinne Eurovision Song Contest for fyrste gong, då Salvador Sobral vann tevlinga med balladen «Amar pelos dois». Poengsummen Sobral fekk i finalen, 758 poeng, er den høgaste poengsummen som har blitt oppnådd i Eurovision Song Contest nokosinne.
Fråvær
endreSidan debuten i 1964 har Portugal stått over tevlinga ved fem anledningar. Fyrste gongen var i 1970, då Portugal saman med Austerrike, Finland, Noreg og Sverige boikotta tevlinga i protest mot tevlingsreglane og det at fire land hadde delt sigeren året før.[4]
Neste fråvær kom i 2000, då Portugal måtte stå over tevlinga på grunn av dårlege plasseringar åra før. I 2002, 2013 og 2016 valde RTP frivillig å stå utanfor tevlinga. Fråværet i 2002 gav plass til Latvia, som etter kvart enda opp med å vinne tevlinga det året.[5][6]
Songen som «velta» eit diktatur
endreDå Portugal debuterte i Eurovision Song Contest, var landet framleis eit autoritært regime under leiing av den diktatoriske statsministaren António de Oliveira Salazar. Også nabolandet Spania var i praksis eit diktatur, og presse og dei som kjempa for demokrati reagerte på at dei to landa fekk deltake i tevlinga. Under finalen i 1964, storma ein mann scena med ein plakat der det stod «boikott Franco og Salazar», ein protest mot dei fascistiske statssjefane i Spania og Portugal. Mannen vart eskortert bort frå scena, og fjernsynssjåarane vart vist eit bilete av resultattavla medan dette arbeidet pågjekk. Hendinga påverka likevel ikkje framsyninga av det portugisiske bidraget, då hendinga skjedde i pausen mellom det sveitsiske og det belgiske bidraget.[7]
Ti år etter fekk bidraget til Portugal på ny ein politisk skugge over seg. Trass den delte sisteplassen vart songen «E depois do adeus», sungen av Paulo de Carvalho, ei viktig brikke i overgangen frå diktatur til demokrati i Portugal.[8] «E depois do adeus» vart nytta som eitt av to kallesignal for å setje i gang Nellikrevolusjonen i Portugal. Då songen vart spelt på portugisisk radio klokka 22.55 om kvelden 24. april 1974, var dette eit signal til opprørarane om å forberede kuppet for å velte det sitjande regimet i Lisboa.[9]
Songen «Grândola, Vila Morena», spela av den bannlyste folkemusikaren Zeca Afonso, vart spelt på radio halvannan time seinare. Denne songen var eit signal om at kuppet var i gang, og at kuppmakkarane hadde begynt å take kontroll over strategiske institusjonar i landet. I løpet av eit døgn lykkast det kuppmakkarane å velte diktaturet, og Portugal kunne starte overgangen til demokrati. I boka Official History of The Eurovision Song Contest kommenterer forfattaren John Kennedy O'Connor at «E depois do adeus» er det einaste bidraget «som faktisk har starta ein revolusjon».[10] Hendinga vart markert med ein eigen kortfilm under den andre semifinalen i 2018, då Portugal arrangerte tevlinga.[11]
Bidrag
endreÅr | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Poeng | Plass | Poeng | Plass | ||||
1964 | António Calvário | «Oração» | Portugisisk | 0 | 13 | Ingen semifinaler | |
1965 | Simone de Oliveira | «Sol de inverno» | Portugisisk | 1 | 13 | ||
1966 | Madalena Iglésias | «Ele e ela» | Portugisisk | 6 | 13 | ||
1967 | Eduardo Nascimento | «O vento mudou» | Portugisisk | 3 | 12 | ||
1968 | Carlos Mendes | «Verão» | Portugisisk | 5 | 11 | ||
1969 | Simone de Oliveira | «Desfolhada portuguesa» | Portugisisk | 4 | 15 | ||
1971 | Tonicha | «Menina do alto da serra» | Portugisisk | 83 | 9 | ||
1972 | Carlos Mendes | «A festa da vida» | Portugisisk | 90 | 7 | ||
1973 | Fernando Tordo | «Tourada» | Portugisisk | 80 | 10 | ||
1974 | Paulo de Carvalho | «E depois do adeus» | Portugisisk | 3 | 14 | ||
1975 | Duarte Mendes | «Madrugada» | Portugisisk | 16 | 16 | ||
1976 | Carlos do Carmo | «Uma flor de verde pinho» | Portugisisk | 24 | 12 | ||
1977 | Os Amigos | «Portugal no coração» | Portugisisk | 18 | 14 | ||
1978 | Gemini | «Dai li dou» | Portugisisk | 5 | 17 | ||
1979 | Manuela Bravo | «Sobe, sobe, balão sobe» | Portugisisk | 64 | 9 | ||
1980 | José Cid | «Um grande, grande amor» | Portugisisk | 71 | 7 | ||
1981 | Carlos Paião | «Playback» | Portugisisk | 9 | 18 | ||
1982 | Doce | «Bem bom» | Portugisisk | 32 | 13 | ||
1983 | Armando Gama | «Esta balada que te dou» | Portugisisk | 33 | 13 | ||
1984 | Maria Guinot | «Silêncio e tanta gente» | Portugisisk | 38 | 11 | ||
1985 | Adelaide Ferreira | «Penso em ti, eu sei» | Portugisisk | 9 | 18 | ||
1986 | Dora | «Não sejas mau para mim» | Portugisisk | 28 | 14 | ||
1987 | Nevada | «Neste barco à vela» | Portugisisk | 15 | 18 | ||
1988 | Dora | «Voltarei» | Portugisisk | 5 | 18 | ||
1989 | Da Vinci | «Conquistador» | Portugisisk | 39 | 16 | ||
1990 | Nucha | «Há sempre alguém» | Portugisisk | 9 | 20 | ||
1991 | Dulce Pontes | «Lusitana paixão» | Portugisisk | 62 | 8 | ||
1992 | Dina | «Amor d'água fresca» | Portugisisk | 26 | 17 | ||
1993 | Anabela | «A cidade (até ser dia)» | Portugisisk | 60 | 10 | ||
1994 | Sara Tavares | «Chamar a música» | Portugisisk | 73 | 8 | ||
1995 | Tó Cruz | «Baunilha e chocolate» | Portugisisk | 5 | 21 | ||
1996 | Lúcia Moniz | «O meu coração não tem cor» | Portugisisk | 92 | 6 | 32 | 18 |
1997 | Célia Lawson | «Antes do adeus» | Portugisisk | 0 | 24 | Ingen semifinaler | |
1998 | Alma Lusa | «Se eu te pudesse abraçar» | Portugisisk | 36 | 12 | ||
1999 | Rui Bandeira | «Como tudo começou» | Portugisisk | 12 | 21 | ||
2001 | MTM | «Só sei ser feliz assim» | Portugisisk | 18 | 17 | ||
2003 | Rita Guerra | «Deixa-me sonhar (só mais uma vez)» | Portugisisk og engelsk | 13 | 22 | ||
2004 | Sofia Vitória | «Foi magia» | Portugisisk | Ikkje kvalifisert | 38 | 15 | |
2005 | 2B | «Amar» | Portugisisk og engelsk | 51 | 17 | ||
2006 | Nonstop | «Coisas de nada (Gonna Make You Dance)» | Portugisisk og engelsk | 26 | 19 | ||
2007 | Sabrina | «Dança comigo» | Portugisisk, fransk og spansk | 88 | 11 | ||
2008 | Vânia Fernandes | «Senhora do mar (Negras águas)» | Portugisisk | 69 | 13 | 120 | 2 |
2009 | Flor-de-Lis | «Todas as ruas do amor» | Portugisisk | 57 | 15 | 70 | 8 |
2010 | Filipa Azevedo | «Há dias assim» | Portugisisk | 43 | 18 | 89 | 4 |
2011 | Homens da Luta | «A luta é alegria» | Portugisisk | Ikkje kvalifisert | 22 | 18 | |
2012 | Filipa Sousa | «Vida minha» | Portugisisk | 39 | 13 | ||
2014 | Suzy | «Quero ser tua» | Portugisisk | 39 | 11 | ||
2015 | Leonor Andrade | «Há um mar que nos separa» | Portugisisk | 19 | 14 | ||
2017 | Salvador Sobral | «Amar pelos dois» | Portugisisk | 758 | 1 | 370 | 1 |
2018 | Cláudia Pascoal | «O jardim» | Portugisisk | 39 | 26 | Direktekvalifisert | |
2019 | Conan Osíris | «Telemóveis» | Portugisisk | Ikkje kvalifisert | 51 | 15 | |
2020 | Elisa | «Medo de sentir» | Portugisisk | Avlyst | |||
2021 | The Black Mamba | «Love Is on My Side» | Engelsk | 153 | 12 | 239 | 4 |
2022 | Maro | «Saudade, saudade» | Engelsk og portugisisk | 207 | 9 | 208 | 4 |
2023 | Mimicat | «Ai coração» | Portugisisk |
Røystehistorikk
endre
|
|
Galleri
endre-
Simone de Oliveira i Napoli i 1965
-
José Cid i Haag i 1980
-
Sabrina i Helsingfors i 2007
-
Salvador Sobral, vinnar av Eurovision Song Contest 2017
Eurovision Song Contest i Portugal
endreÅr | Stad | Arena | Programleiarar |
---|---|---|---|
2018 | Lisboa | Altice Arena | Catarina Furtado, Daniela Ruah, Filomena Cautela og Sílvia Alberto |
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Portugal – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1996 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016.
- ↑ Dusty Baxter-Wright (16. desember 2016). «FYI, this Love Actually actress competed in Eurovision once». Cosmopolitan. Henta 23. desember 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1970». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016.
- ↑ Giannis Argyriou (7. oktober 2015). «Portugal will not participate in Eurovision 2016». EuroVisionary.com. Henta 23. desember 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2002». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1964». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016.
- ↑ «ESC History: How a Eurovision Song Started a Revolution». The Eurovision Times. 29. juni 2012. Henta 23. desember 2016.
- ↑ Davison, Phil (25. april 1994). «Carnation Revolution withers: Phil Davison finds the new Portugal a let-down for the men who won it freedom 20 years ago». The Independent.
- ↑ O'Connor, John Kennedy. The Eurovision Song Contest - The Official History. Carlton Books, UK. 2007 ISBN 978-1-84442-994-3
- ↑ «NRK TV - Se Eurovision Song Contest» (på norsk). Henta 13. mai 2018.
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Portugal i Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 3. september 2020.