Telling Lies
Telling Lies Singel av David Bowie frå albumet Earthling | ||
Utgjeve | 4. november 1996 | |
Innspelt | Looking Glass Studio, New York City | |
Sjanger | ||
Lengd |
| |
Selskap | Arista, BMG | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie | |
David Bowie-kronologi | ||
«Hallo Spaceboy» (1996) |
Telling Lies | «Little Wonder» (1997)
|
«Telling Lies» er ein song og ein singel av David Bowie skriven i 1996 og gjeven ut i 1997 på albumet Earthling.
Tre versjonar av «Telling Lies» kom ut på den offisielle nettstaden til Bowie den 11. september 1996 – ein versjon kom ut i veka tre veker på rad - og utgjorde den første nedlastbare singelen nokon gong av ein større artist.[1] I følgje pressmeldingar lasta over 300 000 menneske ned den originale singelen då han berre var tilgjengeleg på Internett. To månader seinare vart han gjeven ut på ein singel av BMG.
Bakgrunn
endreBowie lanserte singelen med ein nettbasert chat, der han og to andre folk som lata som dei var han svarte på spørsmål frå publikum (Bowie fortalte sanninga; dei to andre «fortalte løgner» (telling lies)). Publikum skulle så stemme over kven dei trudde den «verkelege» Bowie var. Transkripsjonar frå chatten synte at flest enda opp med å stemme på den verkelege Bowie,[2] sjølv om andre kjelder hevda han kom på tredjeplassen.[3]
Det vart ikkje laga musikkvideo til songen.
Singelen
endre- «Telling Lies (Feelgood mix by Mark Plati)» – 5:07
- «Telling Lies (Paradox mix by A Guy Called Gerald)» – 5:10
- «Telling Lies (Adam F mix)» – 3:58
Ein avgrensa CD med eit anna omslag kom ut med dei same spora. Det finst òg ein dobbel 12" vinylutgåve som inneheld dei tre miksane, og der A Guy Called Gerald-miksen var med to gonger.
Medverkande
endre- Produsentar:
- David Bowie
- Musikarar:
- David Bowie – vokal, gitar, saksofon, samplingar, klaverinstrument
- Reeves Gabrels – programmering, synthesizer, verkeleg og sampla gitarar, vokal
- Mark Plati – programmering, bandsløyfer, samplingar, klaverinstrument
- Gail Ann Dorsey – bass, vokal
- Zachary Alford[4] – trommesløyfer, akustisk trommer, elektronisk perkusjon
- Mike Garson – klaverinstrument, piano
Salslister
endreLister (1996-1997) | Plassering |
---|---|
Official Charts Singles UK | 76[5] |
Konsertopptak
endre- Eit konsertopptak frå Paradiso i Amsterdam i Nederland den 10. juni 1997, kom ut på LiveAndWell.com i 2000.
Andre utgjevingar
endre- «Adam F mix» kom ut som bonusspor på den japanske utgåva av Earthling. Han vart òg gjeven ut på den britiske utgåva av singelen «Little Wonder» i januar 1997.
- «Paradox mix» kom ut i Storbritannia på 12"-utgåva av singelen «Dead Man Walking» i april 1997. Denne miksen kom òg ut på bonussplata til LiveAndWell.com i 2000.
- «Feelgood mix» og «Paradox mix» kom ut på bonusplata av Digibook Expanded Edition på Earthling i 2004.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Telling Lies» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Bowie's new single debuts on Net only», The Herald: 7B, 13. september 1996
- ↑ http://www.bowiewonderworld.com/chats/dbchat0996.htm
- ↑ Levine, Robert (February–March 1997), «Cyberspace Oddity», The Web Magazine 1 (3): 30–33
- ↑ Discogs - Zachary Alford - (profile & discography)
- ↑ «telling lies | full Official Chart History | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 26. januar 2018.