Tema:Afrika/Utvald artikkel

{{{2}}}

Ekteskapet er ein svært viktig del av swahilikulturen. Det regulerer samliv, seksualitet og status, og blir sett på som ein obligatorisk del av livet åt ein swahili. Som i andre kulturar er tradisjonane under utvikling og det er ikkje alt som er slik det var før. Det er også stor variasjon mellom ulike delar av den swahiliske kulturen. All swahilisk ekteskapstradisjon har likevel det islamske grunnlaget til felles. Sharialovene og Koranen med Muhammed som førebilete gjev spesifikke peikepinnar for korleis ein muslim skal leva, også når det gjeld ekteskapet.

Det er ikkje før ein har gifta seg at ein går over til å bli ein skikkeleg vaksen mann eller kvinne. Giftemålet kan seiast å vera den siste overgangsriten for å bli vaksen, sjølv om ein også i ettertid må vise at ein er fruktbar og får born. Les meir...