Tema:Den kalde krigen/Utvald artikkel

{{{2}}}

Koreakrigen er ei nemning på ein krig i Korea frå 1950 til 1953. Nord-Korea fekk stønad av Folkerepublikken Kina og Sovjetunionen, medan Sør-Korea fekk stønad frå USA og fleire andre land i dei sameinte nasjonane (SN).

Noreg sende i 1951 eit mobilt militærsjukehus, det såkalla Normash. Noreg støtta òg SN-styrkane med pengar. Ei avtale om våpenkvile vart inngått den 27. juli 1953, men krigen har formelt ikkje teke slutt.

Koreakrigen kan i ettertid sjåast som ein del av den kalde krigen, i og med at kommunistiske land stødde opp om nord, medan kapitalistiske land stødde styrkane frå sør.