{{{2}}}

Europa er ein av sju tradisjonelle verdsdelarjorda. Fysisk og geologisk er Europa den vestlegaste halvøya av Eurasia, vest for Asia. Europa grenser i nord til Nordishavet, i vest til Atlanterhavet, i sør til Middelhavet, i søraust til Kaukasus og Svartehavet og vassvegane som går mellom Svartehavet og Middelhavet. I aust er Europa generelt skild frå Asia ved vasskiljet i Uralfjella, Uralelva og Kaspiahavet. Omgrepet verdsdel eller kontinent kan vise til ei kulturell og politisk inndeling eller ei fysiskgeografisk, og dette kan gje forskjellige syn på dei nøyaktige grensene til Europa, areal og folketal.

Europa er den nest minste verdsdelen i verda ut frå areal og dekkjer om lag 10 180 000 km² eller 2,0% av jordoverflata. Berre Australia er mindre. Europa er den tredje folkerikaste verdsdelen etter Asia og Afrika med om lag 710 millionar innbyggjarar eller 11% av folkesetnaden på jorda. Av Europa sine 48 land er Russland det største ut frå areal og folketal, medan Vatikanstaten er det minst. Europa er fødestad for Den europeiske unionen, eit politisk, økonomisk og sosialt samarbeid som har arbeida for å fremja europeisk integrasjon sidan 1950-åra.