Tema:Noreg i 1814/Utvald artikkel


1

12. mars 2015-30. juni 2015
 

Eidsvollsbygningen er ein bygning på Eidsvoll Verk i Eidsvoll kommune i Akershus som Riksforsamlinga disponerte i 1814 for å utarbeide og gjere vedtak om grunnlov for Noreg: Kongeriget Norges Grundlov. Det var i Eidsvollsbygningen prins Kristian Fredrik blei vald til konge av Noreg.

Eidsvollsbygningen var tidlegare hovudbygninga på Eidsvoll Jernverk, òg kalla Eidsvoll Verk. Saman med Wergelands Hus, Nordre Paviljong, Søndre Paviljong, Vognremissen, Konservatorboligen og parken som omkransar eigedomen utgjer Eidsvollsbygningen med inventaret det nasjonale minnesmerket over Riksforsamlinga i 1814. Bygningen blir forvalta av stiftinga Eidsvoll 1814, ei avdeling av Norsk Folkemuseum. Les meir...

2

30. juni 2015-
 

Den svensk-norske krigen i 1814 fann stad sommaren 1814 etter at Noreg hadde erklært sjølvstende i staden for å gå inn i union med Sverige. Krigen enda med at Noreg kom i personalunion med Sverige, og at svenskekongen godkjende den norske grunnlova og nasjonalforsamlinga. Krigen var den siste mellom Noreg og Sverige.

Ved Kielfreden måtte kongen av Danmark-Noreg, som var på den tapande sida i Napoleonskrigane, avstå Noreg til kongen av Sverige. Denne avtalen blei ikkje godteken av nordmennene. Statthaldaren i Noreg, den danske kronprinsen Kristian Fredrik, stilde seg i spissen for ei reising. Han kalla inn 21 av dei fremste mennene i landet til rådslaging på Eidsvoll verk 16. februar. Dei råda han til ikkje å gripe makta i kraft av sin arverett til den norske trona, men i staden å erklæra seg som regent og kalla inn til ei grunnlovgjevande forsamling.Les meir...


3

4

5

6