Tema:Vitskap/Utvald artikkel

{{{2}}}

Ei sky er ein synleg masse av kondenserte dråpar eller iskrystallar i jordatmosfæren eller på ein annan planet.

På jorda er det vassdamp som kondenserer og dannar små vassdråpar (typisk 0,01 mm) eller iskrystallar. Ein slik dråpe eller krystall saman med millionar av andre er for oss synleg som skyer. Som regel vert skyene danna i samband med vertikale luftrørsler, som konveksjon, luft som vert tvunge over eit høgareliggande terreng eller storskala luftrørsler i samband med vêrfrontar.

Skyer reflekterer og spreier alle bølgjelengder av synleg lys likt og er som regel kvite, men dei kan vere grå eller til og med svarte dersom dei er så tjukke eller tette at sollys ikkje kan passere gjennom dei.

Bortsett frå enkelte skytypar, som nattlysande skyer og perlemorskyer, samt enkelte høge cirrus i den lågare stratosfæren, finn ein dei fleste skyene i troposfæren.