Tengeritt-(Y) er eit kvitt mineral som vert danna som forvitringsprodukt på ulike lantanoidehaldige mineral, særleg gadolinitt, kainositt og thalenitt. Det er eit vasshaldig karbonat av yttrium-jordartar, Y2(CO3)3· 2–3H2O. Tengeritt-liknande danningar kan bestå av fleire nærskylde mineralfasar, til dømes lokkaitt og kimuraitt, som er kjent frå Tangen ved Kragerø.

Det er kalla opp etter C. Tenger, ein svensk kjemikar.

Det er funne fleire stader i Noreg.

Sjå òg endre

Kjelder endre