Teredinidae

muslingfamilie

Teredinidae er ein familie av makkliknande muslingar, med sterkt forkrøpla skal[1]. Dei lever i saltvatn og er utbreidde over store deler av verda. Det finst rundt 65 ulike typar slike makkar, og av desse finst 4-5 i Noreg[2]

Teredinidae
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Klasse: Muslingar Bivalvia
Infraklasse: Euheterodonta
Overorden: Imparidentia
Orden: Myida
Overfamilie: Pholadoidea
Familie: Teredinidae
Rafinesque, 1815
Treverk øydelagt av pålemakk.

Dei mest kjente artane, som høyrer til slekta pålemakk (Teredo), kalklegg gangane sine. Dei er vanlige ned til eit djup på rundt 30 meter. Pålemakk er eigentlig muslingar med skal som er redusert til ei slags borekrone, som sit fremst på kroppen og har ein storleik på omlag 1 cm. Pålemakken er ellers naken og den langstrakte forma gjer at han minner meir om ein mark enn om ein musling[2]'.

Dei borar lange gangar i trevyrke og kan gjera stor skade ved at angripa skip og båtar av tre, trestolpar under kaier og bryggjer, osb. Pålemakk lever berre i sjøvatn, så ein kan unngå han ved å fortøya båtar litt oppe i ein elveos[3].

Slekter

endre

Teredinidae omfattar fleire slekter, der pålemakk (Teredo) er den vanlegast nemnde. Den best kjende arten er Teredo navalis. Historisk har det vore større konsentrasjonar av Teredo i Det karibiske havet enn i dei fleste andre saltvassområde.

Slekter i familien Teridinidae er:[4]

Referansar

endre
  1. Pelemark, Gyldendals store konversasjonsleksikon, Gyldendal norske forlag, 1972.
  2. 2,0 2,1 Om pælemark og andre boredyr, Fartøyvernsentrenes fellesråd, desember 2011.
  3. A. Melkild, I baut og lens på Lofoten og Finnmarka, Driva-trykk AS, 1984.
  4. Mal:Cite WoRMS