Teresa Grøtan

journalist og forfattar

Teresa Grøtan (fødd 17. juni 1974 på Stokmarknes)[1][2] er ein norsk journalist og forfattar busett i Bergen.

Teresa Grøtan
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1974 (50 år)
Stokmarknes
Yrke Journalist, forfattar
Periode 2008-
Debut IKON: Nelson Mandela
Nettstad www.grotan.org

Grøtan er utdanna Master of Arts frå University of KwaZulu-Natal i Sør-Afrika.[3]

Ho var redaktør for Syn og Segn i åra 2004–05 og for det engelskspråklege forskingsmagasinet Global Knowledge i 2004-2008.[2]

I 2010 fekk ho heiderleg omtale av International Reporter (IR) for artikkelen «Gjelda etter Yunus», som vart publisert i Dagbladet Magasinet. Artikkelen var eit av kapitla i Globaliseringsboka.[2] I 2013 fekk ho Blixprisen for bøkene om Klara.

Bibliografi

endre
  • IKON: Nelson Mandela (Gyldendal, 2008)
  • Globaliseringsboka (Samlaget, 2009)
  • Klara kan mykje rart om klede (Samlaget, 2011)
  • Klara kan mykje rart om mat (Samlaget, 2012)
  • Sandton-Soweto t/r i antologien Signatur. Nye norske stemmer (Cappelen Damm, 2014)
  • Hvit bagasje i norske Granta nr. 3 (Gyldendal, 2015)
  • Før øya synker (Gyldendal, 2018)

Referansar

endre
  1. ««Teresa Grøtan (17.06.1974)»». forfatterkatalogen.no (Norsk Forfattersentrum). Henta 24. mars 2013. 
  2. 2,0 2,1 2,2 ««Teresa Grøtan»». Nettstaden til Samlaget. Henta 24. mars 2013. 
  3. ««Curriculum vitae»». Terese Grøtan. Henta 24. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre