Terje Aarset
Terje Inge Aarset (fødd 7. desember 1945) er ein norsk filolog som er professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda.
Terje Aarset | |||
Fødd | 7. desember 1945 Ørsta kommune | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | filolog |
Aarset er fødd i Årsetdalen på Vartdal i Ørsta kommune. Han tok examen artium i Volda i 1966, og lærareksamen på same stad i 1968. Han tok hovudfag i nordisk på Universitetet i Trondheim i 1974, og han har også universitetsutdanning i tysk. I 2009 gav han ut praktverket Den nynorske songskatten, som av lesarane til Dag og Tid vart kåra til årets nynorskbok same året.
Terje Aarset har teke initiativet til å gi ut fleire eldre bøker på nytt. Han har mellom anna vore medredaktør til nyutgåver av skrifter av Ivar Aasen. Han har skrive bibliografiar og samla bakgrunnsstoff til biografiar og diktsamlingar av andre forfattarar. Han skriv og artiklar i aviser, særleg om forfattarar, dikt og songar.
Bibliografi
endreUtgjeve åleine
endre- Den nynorske songskatten (2009)
Saman med andre
endre- Ivar Aasen: Ordbok over det norske Folkesprog. Ny utgåve saman med Kristoffer Kruken (2000)
Bibliografiar og opplysningar
endre- Steinar Buset: Eg ser ei dagrand-. Dikt og prosa i utval. (1980) Bibliografi s. 55-62
- Arnt Eikremsvik: Det høyrest sus av vengjeslag. (198) Redigert saman med Heidi Eikremsvik. Bibliografi, ordforklaring med meir s. 75-88
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Terje Aarset i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin