Vartdal kommune

tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
(Omdirigert frå Vartdal)

Vartdal er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal. Kommunen omfatta det geografiske området Vartdalsstranda.

Bygda Vartdal ved Vartdalsfjorden.

Frå 1837 var området ein del av Ulstein formannskapsdistrikt. 1. januar 1895 vart Vartdalsstrand skilt ut som eigen kommune. Ved opprettinga av kommunen hadde han 736 innbyggjarar. [1] I 1917 vart namnet endra til Vartdal.

I 1964 vart Vartdal slege saman med Hjørundfjord og Ørsta til Ørsta kommune. Ved kommunesamanslåinga hadde Vartdal 1315 innbyggjarar. [2]

No vert nemninga Vartdal brukt, dels om bygda Søre Vartdal, dels om området som tidlegare var Vartdal kommune. Det som SSB kallar Tettstaden Sætre, med 400 innbyggjarar per 1. januar 2023, er ein del av bygda Søre Vartdal.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for tidlegare Vartdal kommune frå 1895 til 1964:

1.1.1895[3] 1910[4] 1.12.1920[5] 1.12.1930[6] 3.12.1946[6] 1.1.1951[7] 1.1.1961[7] 1.1.1964[3]
736 751 862 942 1145 1166 1315 1315

Sjå også endre

Fotnotar endre

  1. Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 58, vitja 26. desember 2009
  2. Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 60, vitja 26. desember 2009
  3. 3,0 3,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  4. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
  5. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  6. 6,0 6,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  7. 7,0 7,1 Folkemengd i Vartdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå