Terje Ludvik Hanssen (fødd 20. september 1948) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Kabelvåg. Han var med på stafettlaget som tok bronse i VM i 1974, og deltok i Vinter-OL 1976 med femteplass på stafetten. Hanssen var medlem av Trondheims Politis Idrettslag.

Terje Hanssen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. september 1948 (75 år)
Kabelvåg
Yrke skiskyttar

Ved NM i skiskyting 1972 på Evjemoen tok Hanssen sølv i den individuelle øvinga, nøyaktig eitt minutt bak lagkamerat Magnar Solberg. To dagar etter gjekk dei same to skiskyttarane, samt Kåre Åmot og Egil Asbøll region Ut-Trøndelag inn til siger i NM-stafetten. Fire år seinare vann Hanssen eit nytt NM-sølv på 20 km då meisterskapen fann stad heime i Trondheim, men han var meir enn fire minuttar bak den suverene vinnaren, finnmarkingen Sigleif Johansen.

Saman med Kjell Hovda, Kåre Hovda og Tor Svendsberget vann Hanssen bronse i 4 x 10 km stafett under VM i skiskyting 1974 i Minsk. Han deltok i Vinter-OL 1976 utan suksess, ein femteplass i stafett saman med Kjell Hovda, Svein Engen og Tor Svendsberget var det beste. På 10 km sprint i VM 1976 i italienske Antholz gjekk Hanssen inn til ein 12. plass.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar