Kåre Hovda (24. januar 194413. februar 1999) var ein norsk skiskyttar frå Veggli i Buskerud. Han var med på stafettlaget som tok bronse i VM i 1974. Hovda var medlem i Rødberg Idrettsforening. Også den yngre broren Kjell Hovda var skiskyttar.

Kåre Hovda
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. januar 1944
Veggli
Død

13. februar 1999 (55 år)
Noreg

Yrke skiskyttar

Under NM i skiskyting 1967 i Lier gjekk Kåre Hovda saman med Odd Lunde, Ragnar Tveiten og broren Kjell region Numedal inn til sitt fyrste NM-gull i 4 x 7,5 km stafett. Dei same fire utøvarane vann også NM-stafetten i 1970 i Trondheim og 1971 i Vingelen. Også under NM 1973 i Steinkjer og NM 1974 i Vingrom tok Hovda gull i skikyttarstafetten saman med broren og Ragnar Tveiten, fjerdemann var i 1973 Anders Besseberg og i 1974 Kjell Flesaker. Individuelt lukkast han aldri å verte betre enn nummer sju i ei NM-øving.

Kåre Hovda vart nummer 18 på 20 km då Vinter-OL 1972 fann stad i Sapporo. Høgdepunktet som skiskyttar kom då han under VM i skiskyting 1974 i Minsk, saman broren, Terje Hanssen og Tor Svendsberget sikra bronse til Noreg i 4 x 7,5 km stafett. I same meisterskapen fekk han også delta på 10 km, der han vart sjuandemann, og normalprogrammet på 20 km, der han gjekk i mål til 12. plass.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar