Terje Wibe
Terje Paul Wibe (fødd 6. oktober 1947 i Oslo) er ein norsk sjakkspelar. Han vart Noregsmeister i sjakk i 1971 etter stikkamp mot Svein Johannessen, som han vann 4,5-3,5[1][2].
Terje Wibe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. oktober 1947 (77 år) |
Idrett | sjakk |
Tok del i | Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1970, Sjakk-OL 1972, Sjakk-OL 1978 |
Terje Wibe vart utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE i 1977, som den femte frå Noreg med denne tittelen[3]. Han kvalifiserte seg til tittelen ved fine resultat i dei to internasjonale turneringane Astoria Chess International 1976 og 1977 på Hamar, og deretter med ein tredjeplass i Gausdal Chess International 1977[4].
Terje Wibe lærte å flytte sjakkbrikkene heime som 7-8-åring, og kom deretter med i skulesjakk i Oslo. Han vart sidan Oslomeister i juniorklassa, og i 1965 vart han junior-Noregsmeister[5].
Terje Wibe deltok på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) i 1966, 1968, 1970 og 1972. I 1966 måtte han vinne mot Stormeister Rossolimo, USA for at Noreg skulle gå til A-finalen med dei 16 beste laga. Dette klarte han også, eit "sprudlande kongeangrep slo gjennom"[6]. Terje Wibe tok 4,5 av 10 på 6. bord i 1966, 8,5 av 14 på 5. bord i 1968, 8,5 av 15 på 4. bord i 1970 og 7 av 15 på 2. bord i 1972[7][8].
Terje Wibe har også spelt postsjakk, og i 1982 kvalifiserte han seg til tittelen Internasjonal Meister i fjernsjakk, og i 1994 til tittelen Internasjonal Stormeister i fjernsjakk.[9]
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Norsk Sjakkblad nr 5, 1977
- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv