Svein Johannessen

Svein Johannessen (17. oktober 193727. november 2007) var ein norsk sjakkspelar.

Svein Johannessen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. oktober 1937
Nedre Eiker kommune
Død

27. november 2007 (70 år)

Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1956, Sjakk-OL 1960, Sjakk-OL 1962, Sjakk-OL 1964, Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1970, Sjakk-OL 1972, Sjakk-OL 1974, Sjakk-OL 1978

Svein Johannessen blei utnemnd til internasjonal meister i sjakk (IM) i 1961, som den andre frå Noreg med denne tittelen.[1]

Svein Johannessen blei Noregsmeister i sjakk fire gongar, i 1959, 1962, 1970 og 1973.[2] I 1959 blei han nordisk meister i sjakk i Ørebro, framom ei rekke sterke spelarar, den mest kjend den svenske stormeister Gideon Ståhlberg.[3]

Svein Johannessen var rekna som den sterkaste spelaren i Noreg frå han vart norsk og nordisk meister i 1959, og fram til Leif Øgaard tok over hegemoniet i 1974. Han spelte heile 10 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1956, 1960-1962-1964-1966-1968-1970-1972-1974 og 1978 og var førstebordspelar i 6 på rad, frå 1960 til 1970. [4] Svein Johannessen var aktiv sjakkspelar frå han som 14-åring dukka opp i si første landsturnering i Skien i 1952. Han vart junior-noregsmeister i 1954.[5] Han spelte sitt siste parti berre nokre veker før han døydde.

Mesteparten av tida var Svein Johannessen medlem i Oslo Schakselskap, der han også vart æresmedlem hausten 2007. Den internasjonale sjakkturneringa Sveins minneturnering har blitt arrangert i i Oslo i juni kvart år sidan 2008.

Øystein Brekke gav ut ein biografi over Svein Johannessen i 2009.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Brekke 1989, s. 95
  2. Brekke 1989, s. 100 flg
  3. Brekke 1989, s. 117
  4. Olimpbase
  5. Brekke 2014 s. 294