Terneuzen er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zeeland med om lag 55 000 innbyggjarar, og er den folkerikaste kommunen i provinsen.

Terneuzen
Flagget til Terneuzen Byvåpenet til Terneuzen
Flagget til Terneuzen Byvåpenet til Terneuzen


Plassering
Plassering av Terneuzen
Plassering av Terneuzen
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Zeeland
Borgarmeister Jan Lonink
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

317,78 km²
  251,44 km²
  66,34 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

55 184
  219/km²
Koordinatar 51°20′N 3°49′E / 51.333°N 3.817°E / 51.333; 3.817
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.terneuzen.nl

Terneuzen ligg sør for estuaret Westerschelde og ein Westerscheldetunnelen går frå området og vidare til resten av Nederland.

Byen vart først nemnd i 1325 og ligg strategisk til Terneuzen ved inngangen til vassvegane til Gent i Belgia. I dag er Gent-Terneuzen-kanalen framleis ei viktig ferdselsåre. Hamna i Terneuzen er den tredje største i Nederland etter hamnene i Rotterdam og Amsterdam.

I følgje segna høyrde den legendariske «Flygande Hollendar» heime i byen. Van der Decken, ein kaptein som forbanna Gud vart fordømt til å segle på havet til evig tid, som skildra i Frederick Marryat sin roman The Phantom Ship og Richard Wagner sin opera.

Byen fekk byrettar i 1584. Før 1877 vart byen ofte kalla Neuzen.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar endre