Terra rossa (italiensk for «raud jord») er ei raudbrun forvitringsjord. Ho vert danna i område med kalksteinsberggrunn og middelhavsklima, mellom anna i karstområda rundt Adriahavet, men finst òg andre stader som på Prince Edward Island i Canada.

Malvasia-druer i terra rossa-jord.

Samanlikna med anna leirhaldig jord har terra rossa-jord overraskande god drenering. Dette gjer han til ein populær jordtype for vinproduksjon. Av vinområde finn ein denne jorda i La Mancha i Spania og Coonawarra i Australia.

Kjelder

endre