Prince Edward Island

Denne artikkelen handlar om øya og provinsen i Canada. For øya i det sørlege Indiahavet, sjå Prince Edwardøyane.

Prince Edward Island (fransk Île-du-Prince-Édouard; skotsk gælisk Eilean a’ Phrionns eller Eilean Eòin; míkmaq Apekweit eller Epikwetk) er ei øy og ein provins i Canada. Provinsen er den minste i landet, både i folketal og flatevidd.[3] Flesteparten av innbyggjarane bur utanfor byar.[3] Samstundes er han den provinsen som har størst folketettleik i Canada.

Prince Edward Island
Île-du-Prince-Édouard
provins
Flagg
Symbol
Motto: Parva Sub Ingenti
(The Small Protected By The Great)
Land  Canada
Hovudstad Charlottetown
Areal 5 620 km²
Folketal 152 784 (1. oktober 2017)[1]
Grunnlagd 1. juli 1873
Språk engelsk
Kart
Prince Edward Island
46°24′N 63°12′W / 46.4°N 63.2°W / 46.4; -63.2
Kart som viser Prince Edward Island.
Kart som viser Prince Edward Island.
Kart som viser Prince Edward Island.
Wikimedia Commons: Prince Edward Island

Etymologi

endre

Øya er kalla opp etter prins Edward, hertug av Kent (1767–1820), den fjerde sonen til kong Georg III og far til dronning Viktoria.[3]

Geografi

endre

Prince Edward Island ligg i St. Lawrence-bukta nord for Northumberlandsundet, som skil provinsen frå Nova Scotia og New Brunswick. Confederation Bridge, ei bru på 13 km, gav øya fastlandssamband i 1997.[3]

Klima

endre
 
Kysten av Prince Edward Island ved Cavendish

Klimaet på Prince Edward Island er variert. I juli og august er den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen om dagen 23 °C. Men temperaturen kan bli over 30 °C i desse månadene. PEI har dei varmaste strendene nord for Carolinas. I vintermånadene januar og februar er den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen om dagen -3.3 °C. Øya får i gjennomsnitt 855 mm regn årleg og i gjennomsnitt 285 cm snø pr år.

Vintrane er moderat kalde, med vekslande kald arktisk luft og mildare atlantisk luft noko som kan føre til store og hyppige temperatursvingingar. Frå desember til april har øya vanlegvis mange stormar og uvêr. Vårtemperaturane er typisk kjølige før havisen har smelta, vanlegvis seint i april eller tidleg i mai. Somrane er moderat varme, men sjeldan ukomfortable med maksimum dagtemperaturar berre nokre gonger så høge som 30 °C. Hausten er ei behageleg årstid ettersom det varmare vatnet i St. Lawrence-bukta utsett tidspunktet for når frosten sett inn, sjølv om stormane blir hyppigare enn om sommaren. Det er rikeleg med nedbør året rundt sjølv om den største nedbøren kjem seint om hausten, tidleg vinter og midt på våren.

Næringsliv

endre

Den viktigaste næringa i provinsen er landbruk. Rundt halvparten av jorda her er dyrka mark. Potet er ei viktig avling, og Prince Edward Island står for rundt ⅓ av potetproduksjonen i Canada. Det blir også eksportert poteter herfrå til fleire land, mellom anna Noreg.[3]

Fiske, særleg av hummarfiske, er ein annan viktig næringsveg.[3]

Historie

endre

Fransk koloni

endre

Jacques Cartier var den første europearen til å sjå øya, i 1534.[4] Øya blei kolonisert av franskmenn i 1719. Som del av den franske kolonien Acadia vart øya kalla «Île Saint-Jean». Storbritannia okkuperte øya i 1758 og døypte henne om til Prince Edward Island i 1798. Ho blei del av Canada i 1873.[3]

Språk

endre
 
Morsmål på Prince Edward Island (raud: Engelsk, blå: Fransk).
 
Bakkete landskap er typisk for ein stor del av øya.

Folketeljinga i 2006 synte at folketalet var 135 851. Av dei 133 570 som oppgav morsmål var dei vanlegaste språka:

Rang Språk Nummer Prosent
1. Engelsk 125 265 93,8 %
2. Fransk 5 345 4,0 %
3. Nederlandsk 865 0,6 %
4. Tysk 275 0.2%
5. Spansk 220 0,2 %
6. Kinesisk 190 0,1 %
7. Arabisk 150 0,1 %
8. Ungarsk 120 0,1 %
9. Mi'kmaq 90 0,1 %
10. Japansk 80 0,1 %
11. Polsk 70 0,1 %
12. Koreansk 65

I tillegg var det 105 svar som oppgav både engelsk og eit uoffisielt språk ('non-official language'); 25 både fransk og eit uoffisielt språk; 495 både engelsk og fransk; 10 engelsk, fransk og eit uoffisielt språk; og om lag 1 640 som anten ikkje svarte på spørsmålet, oppgav fleire uoffisielle språk, eller gav eit anna utydeleg svar. (Tala som er synt er tala på for dei som har oppgjeve eit språk og prosentane for desse.)[5]

Religion

endre

Tradisjonelt har befolkninga vore likt delt mellom katolikkar og protestantar. I folketeljinga i 2001 oppgav 63 240 (47 %) at dei høyrde til den katolske kyrkja og 57 805 (43 %) oppgav at dei høyrde til ulike protestantiske kyrkjesamfunn. Dette inkluderer United Church of Canada med 26 570 (20 %); Den presbyterianske kyrkja med 7 885 (6 %) og Den anglikanske kyrkja i Canada med 6 525 (5 %). 8 705 (6,5 %) oppgav ingen religion, dette var blant dei lågaste tala for provinsane i Canada.[6]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www5.statcan.gc.ca/cansim/a26?&id=0510005; utgjevar: Statistics Canada.
  2. 2,0 2,1 2,2 https://www12.statcan.gc.ca/census-recensement/2021/dp-pd/prof/details/page.cfm?Lang=E&SearchText=Ile%2Ddu%2DPrince%2DEdouard&DGUIDlist=2021A000211&GENDERlist=1,2,3&STATISTIClist=1,4&HEADERlist=0.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Prince Edward Island (1. mai 2009), Store norske leksikon. Henta 12. november 2013.
  4. Island Information: Quick Facts, website of the Government of Prince Edward Island, 2010-04-27. Henta 25. oktober 2010.
  5. «Detailed Mother Tongue (186), Knowledge of Official Languages (5), Age Groups (17A) and Sex (3) (2006 Census)». 2.statcan.ca. 7. desember 2010. Arkivert frå originalen 27. august 2009. Henta 23. februar 2011. 
  6. «Religions in Canada». 2.statcan.ca. Arkivert frå originalen 20. desember 2008. Henta 23. februar 2011. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Prince Edward Island
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.