For territorium hjå dyr, sjå revir.

Territorium er eit område som ein stat har suverenitet over. Historisk omfatta omgrepet all landjorda som tilhøyrde ein stat, men i moderne tid er også sjø- og luftterritorium blitt tekne med. Territorium er eit ledd i det vanlege statsomgrepet. I kraft av sin territorialhøgheitsrett utøver staten si tvangsmakt på sitt territorium, som hovudregel over alt og alle som er innanfor dette territoriet, og har einerett til dette.

«Territorium» kan også brukast som administrativ nemning om område med ein særskild status. I USA blir nemninga til dømes brukt om stader som ikkje har stilling som delstatar, som Amerikansk Samoa, Guam, Nord-Marianane, Puerto Rico og Dei amerikanske Jomfruøyane. I India har eit eit hovudstadsterritorium, Delhi, medan fleire mindre område er administrert som forbundsterritorium.

Kjelder endre

  • «Territorium» (14. januar 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 10. januar 2015.
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.