Tetrapodar
Tetrapodar, firfotingar eller firbeinte virveldyr er ei gruppe virveldyr som stammar frå dei første firlemma virveldyra som byrja gå opp på landjorda. Gruppa omfattar klassane amfibium, fuglar, reptilar og pattedyr.
Tetrapodar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Infraklasse: | †Tetrapodar Elpistostegalia Jaekel, 1909 |
Det vitskaplege namnet Tetrapoda kjem av gresk τετραποδη og er sett saman av tetra, 'fire' og podes, 'føter'.
I nolevande tetrapodar er det framleis vanleg å ha fire lemmar, men dei kan vera omdanna til til dømes armar eller venger. Nokre dyr har også mista nokre eller alle lemmene att, som kvalar, delfinar, sirenedyr, ormepadder og slangar. Tetrapodar pustar med lunger som vaksne, men amfibia pustar med gjeller når dei er heilt unge (sjå rumpetroll).
Tetrapodar utvikla seg frå kjøtfinnefiskar for rundt 395 millionar år sidan, under devontida.[1]
-
Modell av Ichthyostega, ein tidleg tetrapod.
-
Reptilliknande Tulerpeton
-
Diadectes var ein tidleg landlevande planteetar.
Kjelder
endre- ↑ Clack, J.A. (2002). Gaining ground: the origin and evolution of tetrapods. Bloomington, Indiana, USA.: Indiana University Press. (oppgjeve av Engelsk Wikipedia)
«tetrapod» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Tetrapodar» frå Wikipedia på bokmål, og «Tetrapodar» frå Wikipedia på engelsk den 5. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) tetrapodar – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) tetrapodar i Encyclopedia of Life
- (en) tetrapodar hos Fossilworks
- (en) tetrapodar hos ITIS
- (en) tetrapodar hos NCBI
- (en) Kategori:Tetrapoda – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Tetrapoda – detaljert informasjon på Wikispecies