Opna hovudmenyen
Tetrarkane i ein porfyrstatue frå 300-talet, laga i Vesle-Asia og no i Venezia.

Tetrarkiet er den vanlegaste nemninga på tida i Romarriket mellom krisa i det tredje hundreåret og Konstantin den store si samling av keisarriket (284-324).

Namnet «tetrarki» er gresk for 'firemannsstyre' (τετραρχία, av τετρα tetra, 'fire' og αρχι arki, 'leiar'), og blir nytta om det regjeringssystemet Diokletian innførte som del av sine omfattande reformer av Romarriket. Sjølv om tetrarkisystemet berre varte i tretten år (293-306), blir omgrepet ofte også brukt om borgarkrigsperioden som følgde samanbrotet av styret.

Inndelinga av keisarriketEndra

Diokletian sine røynsler gjennom dei første ni åra då han ilte rundt i riket for å møta dei mange problema det hadde gjore at han innsåg at keisarriket var for stort for éin enkelt keisar. Det var til dømes ikkje mogleg å svara på både germanarane sine inkursjonar over Rhinen og oppstanden i Egypt samstundes. Diokletian si radikale løysing på problemet var å dela riket på midten i ein austleg del (pars Orientalis) og ein vestleg del (pars Occidentalis), der grensa gjekk like austom Italia. Sjølv om denne oppdelinga ikkje varte lenge i første omgang, kom ho etter kvart til å bli permanent. Diokletian valde Austromerriket for seg sjølv, med hovudstad i Nikomedia, og gav Vestromarriket til Maximian, med hovudstad i Milano. Plasseringa til Roma var fjernt frå områda der skjebnen til riket blei avgjort gjennom militærmakt. Samstundes som det auka høvet til keisarane til effektivt å styra riket, marginaliserte tetrarkiet senatet, som blei verande i Roma.

Spørsmålet om arverekkjefølgja blei aldri løyst i det tidlege Romarriket. Det fanst ingen system for å etablera kven som skulle overta etter at ein keisar døydde, noko som ofte førte til borgarkrig. Tidlege keisarar favoriserte eit system der dei adopterte ein arving, men legionane likte ikkje dette systemet, og ønskte heller å innføra eitt system der dei biologiske etterkommarane til keisaren var dei einaste sanne arvingane til keisarane. I tillegg meinte senatet at dei hadde retten til å velja ein ny keisar. Difor vart det vanlegvis tre eller fleire rivalar som alle kjempa om retten til å bli ny keisar. For å løysa dette problemet innførte Diokletian eit nytt system der ein eldre keisar (augustus) skulle herska i aust og ein i vest, kvar med ein yngre keisar (caesar) under seg. Når dei eldre keisarane døydde skulle dei yngre overta rollene deira og utnemna to nye cæsarar, og på det viset skulle arvesprørsmålet løysast.

Systemet blei innført i 293. Diokletian og Maximian utnemnde sine cæsarar, respektivt Galerius og Konstantius Klorus, og adopterte dei formelt som sine arvingar. Kvar av desse to cæsaran fekk autoritet over eitt prefektur som tilsvarte rundt ein fjerdedel av keisarriket, Galerius fekk Illyricum, med hovudsete i Sirmium, medan Konstantius fekk Gallia, med hovudsete i Trier.

Det første tetrarkiet (293-305)Endra

Augusti er utheva, caesari er i kursiv
Pars Orientalis Pars Occidentalis
Oriens Illyricum Italia Gallia
Diokletian Galerius Maximian Konstantius Klorus

I 305 blei Diokletian sjuk og kunngjorde at han trekte seg frå keisarstillinga. Maximian måtte gjera det same. Dei to underkeisarane overtok då stillingane som keisarar og utnemnde nye underkeisarar.

Det andre tetrarkiet (305-306)Endra

Augusti er utheva, Caesari i kursiv
Pars Orientalis Pars Occidentalis
Oriens Illyricum Italia Gallia
Maximinus Daia Galerius Flavius Valerius Severus Konstantius I

Enden på tetrarkietEndra

Keisarar under borgarkrigane:
305–311: Galerius
306–337: Konstantin den store
306: Flavius Valerius Severus
306–312: Maxentius
307–308: Maximian
308–313: Maximinus Daia
308–325: Licinius
316–317: Valerius Valens
324: Martinianus

I 306 døydde Konstantius plutseleg, og det oppstod raskt kaos rundt spørsmålet om kven som skulle etterfølgja han. Galerius opphøgde straks Severus til augustus, i tråd med retningslinjene Diokletian hadde nedsett. Men Konstantius sine legionar i Britannia valde å sjå på sonen hans Konstantin som den rettmessige arvingen til keisaren, og utropte Konstantin til augustus. Samstundes hadde Severus problem med å opprettthalda fred i sitt eige prefektur. Maxentius, som var son av Maximian, gjorde opprør og kravde ein del i farsarven sin. Maxentius var støtta av pretorianargarden i Roma, som var redde for at byen skulle degraderast til same status som andre byar i keisarriket. Maxentius valde i byrjinga å ikkje ta keisarnamnet, sannsynlegvis for å prøva å vinna godkjenning frå Galerius. Forsøket verka ikkje, og Galerius beordra Severus til å ta Roma. Dei fleste av Severus sin soldatar var veteranar som hadde kjempa under Maximian, og dei såg på Maxentius som den rettmessige arvingen etter sin gamle leier. Resultatet var at ein stor del av Severus sin hær valde å skifta side, i stor grad også på grunn av mutingar frå Maxentius, og Severus flykta til Ravenna. Like etter kapitulerte Severus for Maxentius, og Maxentius lova at Severus skulle få halda på livet. Samstundes hadde Maximian kome tilbake til Roma og gjeninnsett seg sjølv som keisar, for å støtta sonen sin.

Sommaren 307 marsjerte Galerius med ein større hær mot Roma, Maxentius gjorde som han hadde gjort mot Severus og muta ein stor del av Galerius sin soldatar til å desertera. Galerius blei nøydd til å trekkja seg tilbake. Under invasjonen frå austen blei Severus avretta, truleg etter ordre frå Maxentius. Samstundes var Maximian i Gallia for å unngå brot med Konstantin, ei forhandling som enda med at Konstantin gifta seg med Maximian si dotter Fausta, og Maximian utnemnde Konstantin til augustus. Men Konstantin forheldt seg likevel nøytral under Galerius sitt invasjonsforsøk. I 308 freista Maximian å gjera opprør mot sonen sin, men soldatane viste seg å vera lojale til den yngre keisaren, og Maximian måtte flykta til Gallia, der han kom under vernet til Konstantin.

Hausten 308 kalla Galerius Diokletian og Maximian til Carnuntum, for å kva ein burde gjerast for å unngå oppløysing av tetrarkiet. Svaret var å utnemna Licinius til augustus i vesten, med Konstantin som caesar. Maximian sa seg villig til å abdisera på nytt, og Maxentius blei erklært tronrøvar. Men verken Konstantin eller Maximinus, som begge hadde vore casearar frå 305, sa seg villige til å godta at Licinius skulle utnemnast til augustus. Etter kvart blei Galerius tvinga til å godta å utnemna Konstantin og Maximinus til augustusar.

I 308 hadde Domitius Alexander blitt utnemnd til keisar i Karthago, og teke kontroll over dei afrikanske provinsane. Dei afrikanske provinsane var hovudgrunnlaget for Roma si kornbehaldning, og Maxentius kunne ikkje godta å mista dei. I 310 sende han ein hær til Afrika, noko som gjorde at Licinius kunne overta Istria. Licinius kunne likevel ikkje halda fram invasjonen av Italia på grunn av at Galerius var blitt sjuk. Maxentius vann raskt tilbake kontrollen over Afrika, og Alexander blei avretta. I 311 døydde Galerius, og det oppstod konflikt mellom Maximinus og Licinius om kven som skulle overta etter han.

Maximinian gjorde i 310 eit nytt forsøk på å gjenvinne keisartittelen, men han blei raskt overvunnen av Konstantin, og blei tvinga til å utføra sjølvmord. Maxentius angreip seinare Konstantin for å hemna døden til far sin, men blei drepen i slaget ved Pons Mulvius (Ponte Milvio) i 312, og Konstantin kunne underleggja seg heile Italia. Året etter klarte Licinius å overvinna Maximinus i slaget ved Tzirallum, og Maximinus utførte sjølvmord. Konstantin og Licinius hadde ingått ein allianse, og Licinius hadde gifta seg med Konstantin si halsyster, men det varte ikkje lenge før freden igjen blei broten.

I 314 blussa krigen opp igjen etter eit mislukka forsøk frå Licinius på å bli kvitt Konstantin. Konstantin vann siger etter siger i den to år lange borgarkrigen som følgde. Ved fredsavtala i 317 kontrollerte Licinius berre Trakia, Syria, Asia Minor og Aegyptus. I 324 braut Konstantin fredsavtala, og invaderte Trakia. Licinius blei overvunnen i slaget ved Adrianopel og tvinga til å flykta til Bityhnia. Konstantin følgde etter og overvann han igjen i slaget ved Krysopolis. Licinius overgav seg og blei sett i husarrest (og blei avretta av Konstantin året etter). Konstantin den store kontrollerte med dette heile Romarriket.

KjelderEndra