Kartago (òg skrive Karthago, frå fønikisk Kart-Hadascht, «nybyen», skrive utan vokalar på punisk som Qrthdst) var ein oldtidsby ved kysten av Nord-Afrika, sør for Tunis-sjøen i det som i dag er Tunisia. Han skal i glanstida si ha hatt opptil 700 000 innbyggjarar. Byen, som var ei viktig sjømakt, vart jamna med jorda av romarane etter punarkrigane i 146 fvt. Han vart gjenoppbygd av Julius Cæsar og Augustus, og i den romerske keisartida var Kartago den viktigaste byen i Nord-Afrika saman med Alexandria. I 439 vart han hovudstaden til vandalane, i 533 kom han under bysantinsk styre og i 697 vart han øydelagd av arabarar.

Ruinane av det puniske kvarteret i Kartago.
Satellittbilde av Kartago og den moderne busettinga rundt.

I dag er Kartago ein ruinby utanfor den tunisiske hovudstaden Tunis. Kartago blei teke med på UNESCO si liste over verdsarv i 1979.

Grunnlegginga av Kartago endre

 
Eit kart over det sentrale Middelhavet som viser posisjonen til Kartago (nær det som i dag er Tunis). Kartet viser òg Italia og øyane Sicilia, Sardinia og Korsika.

Kartago vart grunnlagd rundt 814 fvt. av fønikiske busetjarar frå byen Tyrus som tok med seg byguden Melkart. I følgje tradisjonen vart byen grunnlagd av Dido og eit tal myter om grunnlegginga har overlevd gjennom gresk og romersk litteratur.

Dei tidlege åra til Kartago var prega av langvarig rivalisering mellom maritime og landeigande familiar. På grunn av at byen var avhengig av maritim handel, kontrollerte den maritime fraksjonen styret, og i løpet av det 500-talet fvt. byrja Kartago å skaffe seg dominans over det vestlege Middelhavet. Handelsmenn og oppdagingsreisande etablerte eit omfattande handelsnettverk og gav bystaten velstand og makt. Tidleg i 500-talet fvt. skal Hanno sjøfararen ha segla ned den afrikanske kysten heilt til Nigeria, der fleire kartagiske byar vart bygde. Samstundes starta Kartago ei systematisk erobring av det afrikanske indre og kystlanda, under leiing av Malkus.

Kartago og Roma signerte i 509 fvt. ein traktat som indikerte ei fordeling av innflytnad og kommersiell aktivitet. Det er den fyrste kjende kjelda som indikerer at Kartago hadde skaffa seg kontroll over Sicilia og Sardinia.

Allereie ved byrjinga av 400-talet fvt. var Kartago det kommersielle senteret i regionen, ein posisjon han hadde til han vart kasta av den romerske republikken. Byen hadde erobra dei gamle fønikiske territoria som Hadrumetum, Utica og Kerkouane og dei libyske stammene. Dei hadde dermed kontroll langs heile kysten av Nord-Afrika, frå det som i dag er Marokko til grensene til Egypt. Innflytnaden til byen hadde òg spreidd seg inn i Middelhavet med kontroll over Sardinia, Malta, Balearane og den vestlege halvdelen av Sicilia. Koloniar hadde òg vorte etablerte i Iberia.

Livet i Kartago endre

Handel endre

Det tidlege handelsimperiet til Kartago var svært avhengig av handelen med Tartessos og andre byar på den iberiske halvøya. Her skaffa dei seg store mengder sølv, og endå viktigare, tinnmalm, som var avgjerande for produksjon av bronse-gjenstandar. Kartago følgde handelsrutene som allereie var etablerte av moderbyen Tyrus. Då Tartessos fall, gjekk kartagarane direkte til primærkjeldene etter tinn, i den nordvestlege seksjonen av Iberia og lenger nord, i Cornwalldei britiske øyane. Andre kartagiske skip gjekk sørover langs vestkysten av Afrika og kom tilbake med gull frå Senegal. Ei forteljing fortel om eit kartagisk handelsfartøy som utforska Nigeria. Dette inkluderte identifisering av visse geografiske trekk som ein vulkan ved kysten, og møte med gorillaer. Handelssamband som ikkje var permanente vart etablerte så langt vest som på Madeira og Kanariøyene, og så langt sør som det sørlege Afrika.

Dei samtidige kjeldene ein har om kartagarane går gjennom episk dikting i Hellas og romerske historikarar. I det greske teateret var kartagaren ofte portrettert som ein morosam skurk, ein relativt fredeleg og fargerik handelsmann som var fast bestemt på å skaffe seg profitt og svindle edle, men uskuldige grekarar for kvar einaste sparemynt dei hadde. Arkeologiske utgravingar viser alle slags bytte, og enorme mengder tinn som dei bronse-baserte sivilisasjonane trengde til tekstilar, keramikk og finare metallarbeid. Før og mellom krigane var kartagarane i alle hamner ved Middelhavet, dei kjøpte og selde, etablerte varehus der dei kunne, eller forhandla på friluftsmarknadar etter å ha lasta av skipa sine.

Det etruskiske språket er endå ikkje desifra, men arkeologiske utgravingar av etruskiske byar viser at den etruskiske sivilisasjonen i fleire hundreår var kundar og støttespelarar av Kartago, lenge før Roma voks. Dei etruskiske bystatane var, til tider, både kommersielle partnarar og militære allierte av Kartago.

Styreform endre

 
Kart over Kartago.

Styret i Kartago var eit oligarki, ikkje ulikt det i Roma, men få detaljar er kjende. Romerske forfattarar viser til statsoverhovudet som reges, «kongar». Puniske inskripsjonar og gresk-romerske forteljingar viser at omgrepet var Sōfetīm, «domarar», det same namnet som tidlege herskarar vart gjeve i Bibelen. Dette kan òg ha vore tittelen på guvernøren i byen, som var sett inn av moderbyen Tyrus. Seinare vart ein sōfet eller to sōfetêm, som ein trur har utøvd dømande og utøvande (men ikkje militære) funksjonar, valde årleg frå dei mest velståande og familiane med innflytnad. Desse aristokratiske familiane var representerte i eit øvste råd som tilsvara det romerske senatet, som hadde vidtrekkande makt. Men det er ikkje kjent om desse sōfetīm var valde av rådet eller av ei forsamling av folket. Sjølv om administrasjonen i byen var sterkt kontrollert av oligarkane, hadde han òg innslag av demokratiske element. Kartago hadde valde lovgjevarar, handelsunionar og bymøte. Det var eit system av kontroll og balanse i tillegg til offentleg utgreiing. Leiinga for flåten måtte betale med livet for militære nederlag.

Eratosthenes, leiaren for det greske biblioteket i Alexandria, noterte at grekarane hadde teke feil i å skildre alle ikkje-grekarar som barbarar, sidan kartagarane på same måte som romarane hadde ei grunnlov. Aristoteles skreiv også om kartagarane si grunnlov i sin politikk (Bok II, kapittel 11).

Religiøs praksis endre

Kartago var under fønikarane kjende blant naboane sine for barneofring. Plutark, Tertullian, Orosius og Diodorus Siculus nemner praksisen, men Livy og Polybios gjer det ikkje. Moderne arkeologiske utgravingar kan truleg stadfeste Plutark.

I ei enkel barnegrav kalla Tofet går ein ut frå at rundt 20 000 urner med forbrende føter av nyfødde og i nokre tilfelle av foster og toåringar vart plassert. Dette skal ha hendt mellom 400 fvt. og 200 fvt., og praksisen heldt fram til dei tidlege kristne åra. Beinrestane har vorte tolka som at i tilfelle av dødfødde spedbarn, ville foreldra ofre sitt yngste barn. Det er ein klar samanheng mellom talet på ofringar og tilstanden til byen. I dårlege tider (krig, dårlege avlingar) vart ofringar vanlegare, noko som indikerte ei aukande fortviling for å blidgjere gudane.

Nokre forskarar hevdar derimot at desse kroppane berre var kremerte restar av ungar som døydde naturleg, men i lys av andre kananittiske funn, ser dette mindre sannsynleg ut. Dei få kartagiske tekstane som har overlevd nemner ikkje barneofringar i det heile teke. Nokre moderne forskarar har argumentert for at prova for kartagarane sine barneofringar i beste fall er uklåre og at det er mykje meir sannsynleg at rykta var ein del av romersk propaganda mot kartagarane for å rettferdiggjere erobringa og øydelegginga si. Debatten pågår framleis blant moderne arkeologar og andre ekspertar på antikken.

Dei overlevande puniske tekstane er detaljerte nok til å gje eit portrett av ein velorganisert klasse av tempelprestar og hjelparar som utførte ulike funksjonar til ulike prisar.

Kartago hadde mange gudar. Det øvste guddommelege paret var Tanit og Ba’al Hammon. Prestane var barberte, i motsetnad til dei fleste andre menn. I dei fyrste hundreåra av historia til byen vart det halde rituelle feiringar med rytmisk dansing som var avleia frå fønikiske tradisjonar. Gudinna Astarte ser ut til å ha vore populær på denne tida. På høgda av den kosmopolitanske perioden ser det ut til at Kartago var heim til ein mengde guddommar frå nabosivilisasjonane Hellas, Egypt og dei etruskiske bystatane.

Konfliktar med grekarane og romarane endre

Den fyrste sicilianske krigen endre

 
Ruinar av Kartago

Suksessen til Kartago førte til opprettinga av ein mektig marine for å halde piratar og rivaliserande nasjonar vekke. Den veksande hegemonien og suksessen til byen førte saman med opprettinga av marinen til ein aukande konflikt med grekarane, den andre stormakta som ynskte kontroll over det sentrale Middelhavet.

Øya Sicilia, som låg rett utanfor Kartago, vart arenaen der denne konflikten vart utspelt på. Frå dei tidlegaste dagane deira, hadde både grekarane og fønikarane vore tiltrekte av den store øya, og begge hadde etablert eit stort tal koloniar og handelspostar langs kysten. Små kampar hadde vorte utkjempa mellom desse busetnadene i fleire hundre år.

Ved år 480 fvt. prøvde Gelon, tyrannen av den greske Syrakus, å sameine øya under sitt styre. Han var delvis støtta av greske tilhengarar. Den overhengande faren kunne ikkje lenger ignorerast, og Kartago sende sin største militære styrke til då ut i felten under leiing av general Hamilcar. Styrkane kan ha vore ein del av ein allianse med Persia, som då var i krig med Hellas. Tradisjonelle forteljingar gjev arméen til Hamilcar ein styrke på 300 000 menn, men dette er ganske sikkert overdrive. Det må uansett ha vore ein formidabel styrke.

Men då Hamilcar kom til Sicilia, tapte han (kanskje alvorlege tap) på grunn av vêret. Han landa ved Panormus og vart knust av Gelon i slaget om Himera. Han vart enten drepen i løpet av slaget eller så tok han sjølvmord i skam. Tapet svekte Kartago, og det gamle styret av adelsmenn vart kastet og erstatta av den kartagiske republikken.

Den andre sicilianske krigen endre

Kartago reiste seg igjen i 410 fvt. etter ei rekkje suksessrike herskarar. Byen hadde erobra mykje av det som i dag er Tunisia, styrkt og grunnlagt nye koloniar i Nord-Afrika og sponsa den siste reisa til Mago Barca tvers over Sahara og reisa til Hanno sjøfararen ned langs Afrika-kysten. Sjølv om dei iberiske koloniane trekte seg ut, noko som kutta hovudtilgangen til Kartago på sølv og kopar, byrja Hannibal Mago, barnebarnet til Hamilcar, å førebu seg på å ta tilbake Sicilia. Samtidig vart ekspedisjonar også sendt inn i Marokko, Senegal og ut i Atlanterhavet.

Hannibal Mago sette kursen for Sicilia i 409 fvt. med styrken sin. Han klarte å ta dei mindre byane Selinus og Himera før han returnerte triumferande til Kartago med krigsbyttet. Men hovudfienden, Syrakus, var framleis urørt og i 405 fvt. leia Hannibal Mago ein andre kartagisk ekspedisjon, denne gongen for å legge beslag på heile øya. No møtte han derimot hard motstand og uhell. Under omleiringa av Agrgentum vart dei kartagiske styrkane ramma av pest. Hannibal Mago var blant dei som døydde av pesten. Etterfylgjaren hans, Himilco, klarte å utvide kampanjen ved å bryte ei gresk omleiring, tok byen Gela og klarte gjentekne gonger å sigre over arméen til Dionysios, den nye tyrannen i Syrakus. Men han var sjølv svekt av pesten og tvungen til å be om fred før han returnerte til Kartago.

Dionysios hadde vunne tilbake styrken sin i 398 fvt. og braut fredsavtalen ved å slå til mot festninga til kartagarane i Motya. Himilco svara med å leie ein ekspedisjon som ikkje berre tok tilbake Motya, men også erobra Messina. Til slutt la han Syrakus sjølv under seg. Dette gjekk bra i 397 fvt., men i 396 fvt. herja igjen pesten dei kartgiske styrkane, og dei kollapsa.

Sicilia vart no ein last for Kartago. I dei neste seksti åra kjempa kartagarane og greske styrkar i ei konstant rekkje med treffingar. I 340 fvt. vart Kartago pressa heilt ned i det sørvestlege hjørnet av øya og ein uroleg fred herska over øya.

Den tredje sicilianske krigen endre

Agathokles, tyrannen i Syrakus, tok byen Messene i 315 fvt.. I 311 fvt. invaderte han dei siste kartagiske eigedomane på Sicilia, braut vilkåra i den gjeldande fredsavtalen og la Akragas under seg.

Hamilcar, barnebarnet til Hanno sjøfareren, leia den kartagiske hemnaksjonen og hadde overveldande suksess. I byrjinga av 310 fvt. kontrollerte han nesten hele Sicilia og la Syrakus under seg. I desperasjon leia Agathokles ein ekspedisjon på 14 000 menn mot hovudlandet i håp om å redde styret sitt ved å leie eit motangrep mot sjølvaste Kartago. Dette lukkast han i. Kartago vart tvungen til å kalle heim Hamilcar og mesteparten av hæren hans frå Sicilia for å møte den nye og uventa trusselen. Arméen til Agathokles vart til slutt overvunnen i 307 fvt., men Agathokles flykta tilbake til Sicilia og klarte å forhandle fram ein fred som opprettheldt Syrakus som ei styrking av gresk makt på Sicilia.

Pyrrhos av Epirus endre

Pyrrhos av Epirus førte mellom 280 fvt. og 275 fvt. to viktige kampanjar i eit forsøk på å verne og utvide den greske innflytnaden i det vestlege Middelhavet. Den eine mot den stigande makta Roma for å verne greske koloniar i det sørlege Italia, den andre mot Kartago i eit nytt forsøk på å rive Sicilia ut av kontrollen deira.

Etter å ha vunne ein fullstendig siger over Roma ved Heraclea, og ein annan komplett men svært dyr siger ved Asculum, vart Pyrrhos snart distrahert av moglegheitene i det greske fastlandet som nyleg hadde vorte invadert av gallarar og av grekarane på Sicilia. Etter å ha forhandla fram ein mellombels fred med romarane, reiste han til Sicilia. Mellom 278-276 fvt. sigra han over alle kartagiske styrkar som stod mot han. Pyrrhos klarte til og med å ta Eryx, den sterkaste kartagiske festninga. Men kartagarane klarte å stå imot han ved Lilybaeum, og Pyrrhos fann snart ut at han ikkje lenger var velkomen hjå dei greske sicilianarane. Han drog tilbake til Italia og kjempa mot Roma, men resultatet vart igjen ikkje avgjort til fordel for nokre av sidene. Pyrrhos drog til Epirus då han ikkje hadde ressursar eller menn nok til å halde fram. For Kartago tyda dette at dei igjen hadde ein status quo. For Roma derimot, tyda det at dei klarte å erobre Tarentum og heldt no heile Italia. Resultatet var eit skifte i maktbalansen i det vestlege Middelhavet. Grekarane var redusert til brohovudet sitt i Sicilia, medan styrken til Roma voks og territorielle ambisjonar brakte byen direkte i konflikt med Kartago for fyrste gong.

Messana-krisa endre

Då Agathokles døydde i 288 fvt. stod ei stor avdeling med italiske leigesoldatar som tidlegare var i hans teneste utan arbeid. Framfor å forlate Sicilia, tok dei byen Messana. Dei kalla seg sjølv mamertinar, eller «søner av Mars». Dei vart si eiga lov og terroriserte området omkring seg.

Mamertinane vart ein veksande trussel mot Kartago og Syrakus. I 265 fvt. gjekk Hiero II, den tidlegare generalen til Pyrrhos og den nye tyrannen i Syrakus, til aksjon mot dei. Stilt overfor denne overlegne styrken, delte mamertinarane seg i to fraksjonar, ein som tala for å overgje seg til Kartago, medan den andre føretrekte å søke hjelp hjå Roma. Resultatet var at utsendingar vart sende til begge byane.

Medan det romerske senatet debatterte den beste måten å angripe problemet på, var kartagarane ivrige etter å sende ein garnison til Messana. Ein kartagisk garnison vart sleppt inn i byen og ein kartagisk flåte segla inn i hamna i Messana. Men kort tid etter byrja dei å forhandle med Hiero. Mamertinane vart skremde av dette og sende ein ny utsending til Roma som bad dei om kaste ut kartagarane.

Intervensjonen til Hiero hadde plassert dei militære styrkane i Kartago rett over den smale kanalen som deler Sicilia frå Italia. Vidare tyda den kartagiske flåten at dei i realiteten hadde kontroll over denne kanalen, Messinastredet, og demonstrerte ein tydeleg og reell fare for nærliggande Roma og interessene deira.

Resultatet var at den romerske forsamlinga, sjølv om dei var nølande i å alliere seg med ein bande med leigesoldatar, sende ein ekspedisjonsstyrke for å gje kontrollen over Messana tilbake til mamertinane.

Punarkrigane endre

Det romerske angrepet på dei kartagiske styrkane i Messana utløyste den fyrste av punarkrigane. I løpet av det neste århundret, avgjorde desse tre vesentlege konfliktane mellom Roma og Kartago kursen til den vestlege sivilisasjonen.

Gjennom punarkrigane triumferte Roma konsekvent over Kartago. Slutten av den tredje punarkrigen avslutta den kartagiske makta og førte til total øydelegging av byen av Scipio Aemilianus: Romerske soldatar gjekk frå hus til hus i Kartago, slakta folket og gjorde dei overlevande til slavar. Hamna i Kartago vart brend og byen rive ned til grunnen.

Mellom den fyrste og den andre punarkrigen, stod Kartago ovanfor eit vesentleg opprør blant leigesoldatar. Under dette opprøret klarte Roma å ta kontroll over Sardinia.

Det er omstridt om det kartagiske landbrukslandet vart salta etter slaget om Kartago, eller ikkje.

Kartago i Romarriket endre

 
Domitius Aleksander på ein follis. På baksida ser ein personifiseringa av Kartago, hovudstaden hans.

Staden der byen låg var for godt vald til å miste, og ein ny by voks opp på staden. Han vart til slutt den nest største byen i den vestlege delen av Romarriket. På slutten av det 2. hundreåret var Kartago sentrum for den romerske provinsen Afrika, med eit folketal på 500 000. Byen var òg ei kort tid hovudstaden til ein tronranar, Domitius Aleksander i 308–311.

Kartago vart òg eit senter for tidleg kristendom. Tertullian argumenterer overfor den romerske guvernøren at dei kristne i Kartago som var så få i tal for kort tid sidan, no «fyller alle stader blant dykk, byar, øyar, festningar, landsbyar, marknadsplassar, sjølv leirane, stammane, selskapa, palassa, senatet, forum; Det einaste vi har late dykk ha i fred er templa til dykkar gudar.» (Apologeticus, skrive i Kartago, rundt år 197).

I det fyrste i rekkja av ganske dårleg rapporterte rådsmøte i Kartago nokre få år seinare, deltok ikkje mindre enn sytti biskopar. Tertullian braut seinare med hovudstraumen som meir og meir vart representert av biskopen i Roma. Ei meir alvorleg usemje mellom dei kristne var donatist-kontroversen som trekte inn den unge Augustin av Hippo medan han fullførte utdanninga si i Kartago før han flytta til Roma. I 397 vart den bibelske kanonen for den vestlege kyrkja fastlått i rådsmøtet i Kartago.

Den djupe misnøya blant afrikanske kristne var ein avgjerande faktor for kor lett Kartago og dei andre sentera vart erobra i det 5. hundreåret av Gaiserik, kongen av vandalane som sigra over Bysants sin general, Bonifacius, og gjorde byen til hovudstaden sin. Gaiserik var òg rekna som ein kjettar, ein arianar, og sjølv om arianarane vanlegvis forakta dei katolske kristne, kan eit løfte om tolerasjon ha vore nok til at folkesetnaden aksepterte han. Etter eit mislukka forsøk på å ta byen tilbake på 400-talet, kua bysantinane vandalane i 500-talet. Barnebarna til Gaiserik vart kasta av ein fjern fetter, Gelimer. Dette fekk bysantinarane til å sende ein hær for å erobre kongedømet til vandalane. Søndag 15. oktober 533 gjekk general Belisarius saman med kona si Antonina inn i Kartago og spara han frå å verte herja og massakra.

Under keisar Mauriokios sitt styre vart Kartago gjort til ein eksark, som Ravenna i Italia. Desse to eksarkane var dei vestlege festningane i Bysantium, alt som vart i deira makt i vest. Tidleg på 600-talet var det eksarken i Kartago, Heraklios (av armensk opphav), som kasta keisar Fokas.

Den bysantinske eksarken kunne derimot ikkje stå imot arabiske erobrarar på 600-talet. Dei fyrste arabiske angrepa vart sette i gang frå Egypt utan særleg suksess i 647. Ein meir organisert kampanje varte frå 670 til 683. I 698 vart eksarkatet i Afrika til slutt overvelda av dei stigande styrkane til islam, og Kartago vart øydelagt av dei arabiske erobrarane og vart erstatta av Tunis som sentrumet i regionen.

Kartago i skjønnlitteraturen endre

Litteratur endre

  1. Hannibal’s Campaigns. Tony Bath. New York, NY: Barnes & Noble Books, 1981.
  2. Late Carthaginian Child Sacrifice and Sacrificial Monuments in their Mediterranean Context. Shelby Brown. Sheffield: Sheffield Academic Press, 1991.
  3. La vie quotidienne à Carthage au temps d’Hannibal. Gilbert et Colette Charles-Picard. Paris: Hachette, 1958.
  4. La légende de Carthage. Azedine Beschaouch. Paris: Gallimard, 1993.
  5. Carthage: Uncovering the Mysteries and Splendors of Ancient Tunisia. David Soren, Aicha Ben Abed Ben Kader, Heidi Slim. New York: Simon and Schuster, 1990.
  6. The Phoenicians and the West: Politics, colonies and trade. Maria Eugenia Aubet. Cambridge: Cambridge University Press, 1987.
  7. Itineraria Phoenicia.Edward Lipinski. Leuven: Uitgeverij Peeters en Departement Oosterse Studies, 2004.