Hasvik
Hasvik er ein tettstad i Hasvik kommune, vest i Finnmark, på 70. breiddegrad nord. Tettstaden ligg heilt sørvest på Sørøya og har 358 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Hasvik | |||
tettstad | |||
Storgata i Hasvik
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Hasvik | ||
Areal | 0,53 km² | ||
Folketal | 358 (2023) | ||
Folketettleik | 675 / km² | ||
Postnummer | 9590 HASVIK | ||
Innbyggjarnamn | hasvikværing | ||
Hasvik 70°29′11″N 22°09′39″E / 70.486389°N 22.160833°E | |||
Wikimedia Commons: Hasvik (town) |
Det går bilferje frå Hasvik til Øksfjord via fylkesveg 882 og hurtigbåt til Hammerfest. Like ved tettstaden er det flyplass, Hasvik lufthamn.
Like utanfor Hasvik står Hasvik kyrkje, ei åttekanta kyrkje frå 1955 med kyrkjegard og minnelund. Like ved ferjekaia ligg Hasvik gamle kyrkjegard frå 1700-talet. Kyrkja på Hasvik stod først i Hasvåg og blei flytta til Hasvik i 1712. Fundamenta til kyrkja var av kvalbein. I 1756 blei det reist ei kyrkje, delvis av materialar frå Hjelmsøy gamle kyrkje. I 1861 blei det oppført ei langkyrkje i tømmer som blei brend av tyskarane hausten 1944.[1]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Hasvik tettsted». Store norske leksikon. 28. september 2012. Henta 26. mai 2017.