Melhus
(Omdirigert frå Tettstaden Melhus)
Melhus er ein tettstad og administrasjonssenter i Melhus kommune i Trøndelag fylke med 7 088 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden er òg kjend som Nedre Melhus.
Melhus | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Melhus | ||
Areal | 2,95 km² | ||
Folketal | 7 088 (2023) | ||
Folketettleik | 2 403 / km² | ||
Preposisjon | på Melhus | ||
Melhus 63°17′08″N 10°16′41″E / 63.28555556°N 10.27805556°E | |||
Wikimedia Commons: Melhus (village) |
Fram til 2005 gjekk E 6 gjennom Melhus sentrum og vegstykket gjennom sentrum var kjent som ein flaskehals. Vegen vart så flytt 200 meter vest då ny firefelts motortrafikkveg gjennom Melhus opna.
I sentrum er tenestfunksjonar som kjøpesenter, lækjarsenter, post, bank, bensinstasjon, tannlækjar og rådhus.
Kjelder
endre«Melhus – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.