Théodore Rousseau

Pierre Étienne Théodore Rousseau (15. april 181222. desember 1867) var ein fransk målar som vert rekna til stilretninga realismen og til Barbizon-skulen. Måleria hans er haldne i ein mørk tone prega av ein viss melankoli. Hos landskapsmålaren Rousseau kan ei spore innverknad frå nederlandsk 1600-talskunst, men òg frå seinare engelske målarar. Han arbeidde stadig på fleire prosjekt og etterlet seg relativt få heilt fullførte verk.

Théodore Rousseau

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. april 1812
Paris
Død

22. desember 1867 (55 år)
Barbizon

Yrke kunstmålar, fotograf, biletkunstnar, grafikar, teiknar
Medlem av Barbizon-skulen
Théodore Rousseau på Commons

Liv og gjerning endre

Landskap, 1842
Ei byste av Rousseau, laga i 1888 av Henri-Louis Levasseur

Rousseau kom til verda i Paris, der han vart fødd inn i ei borgarslekt med interesse for kunst. Han gjekk i lære for å verte forretningsmann, før han så overtalte faren til å godta at han ville verte kunstmålar. Til liks med andre samtidige målarar som nytta ein romantisk stil, hadde han vanskar med å få stilt ut på den årlege utstillinga det han sjølv rekna som dei beste bileta. Den klassisistisk prega juryen motarbeidde dei nye straumdraga, så måleria hans vart ikkje skikkeleg presentert for eit større publikum før etter dei politiske omveltingane i Frankrike i 1848.

Han debuterte på salongen i 1831 og fekk med bilete også i 1834. Derimot vart storverket Kyrne kjem heim (La Déscente des vaches) refusert av juryen i 1836. Etter det vart måleria hans heile tida refusert fram til 1848-revolusjonen. Drag av realisme og slikt som innevarsla naturalismen vart avvist. Heilt utan kritikarstøtte var han ikkje, men det talde lite når han i mellomtida vart kjend som «le grand refuse». Men det var i denne kunstnariske eksiltida han skapte nokre av sine beste bilete.

Frå 1848 budde Rousseau i Barbizon, som den gongen var ein landsby i Fontainebleau-skogen, og sidan heldt han til der størstedelen av livet. På ei stor utstilling i 1853 i Paris vart alle dei refuserte bileta hans presentert samla. Sjølv om han fekk ros for dei fleste måleria, braut dei for mykje med fransk smak og salet var heller labert. Ein auksjon i 1861 gav så lite at han sterkt vurderte å emigrere.

Deretter møtte han mykje motgang, mellom anna vart kona håplaust sinnssjuk. Økonomisk fekk han i desse åra hjelp frå faren. Under ein studietur til Mont Blanc i 1863 vart Rousseau lungesjuk. Vel heimkomen vart han svevnlaus og fysisk gradvis svekka. Fire år seinare døydde han i Barbizon.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Théodore Rousseau