That's Rock and Roll

That's Rock 'n' Roll
Singel av Eric Carmen
frå albumet Eric Carmen
B-side

Great Expectations

Utgjeve Mai 1976
Sjanger Poprock
Lengd 3:10
Selskap Arista Records
Låtskrivar(ar) Eric Carmen
Produsent Jimmy Ienner
Eric Carmen-kronologi 
«Never Gonna Fall in Love Again»
(1976)
That's Rock 'n' Roll «Sunrise»
(1976)


«That's Rock 'n' Roll» er ein song frå 1975 skriven av Eric Carmen, og gjeve ut som den tredje singelen frå debutalbumet hans Eric Carmen. Singelen vart berre gjeve ut i nokre få land, og ikkje i USA. Songen nådde sjuandeplassen i Danmark. Delar av songen er sjølvbiografisk.

I 1988 var «That's Rock 'n' Roll» B-side på ein annan hit av Carmen, «Make Me Lose Control».

Songen er òg blitt spelt av rockebandet Showaddywaddy og i 1977 spelte Tina Arena og John Bowles ein versjon av songen for albumet deira «Tiny Tina and Little John».

Lister

endre
Liste (1976) Plassering
UK -
Denmark 7
Japan

Shaun Cassidy-versjonen

endre
That's Rock 'n' Roll
Singel av Shaun Cassidy
frå albumet Shaun Cassidy
B-side

I Wanna Be With You

Utgjeve Juli 1977
Sjanger Softrock
Lengd 2:52
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Eric Carmen
Produsent Michael Lloyd
Shaun Cassidy-kronologi 
«Da Doo Ron Ron»
(1977)
That's Rock 'n' Roll «Hey Deanie»
(1977)


«That's Rock 'n' Roll» vart spelt inn i 1977 av Shaun Cassidy på det første albumet hans, Shaun Cassidy. Det var den andre av tre hittar på rad han hadde inne på topp 10-lista i USA. Songen nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100.[1] Det vart den største hitten hans og selde til gullplate.[2]

«That's Rock and Roll» var den første av to store hittar skriven av Carmen og spelt inn av Cassidy. Den andre var «Hey Deanie». Begge songane gjekk inn på lista samstundes som Carmen hadde hitten «She Did It» inne på lista hausten 1977.

På den kanadiske singellista nådde «That's Rock 'n' Roll» førsteplassen.[3] Dette var den andre førsteplassen Cassidy hadde i Canada. Det var òg den andre songen skriven av Eric Carmen som nådde toppen av denne lista, etter han sjølv hadde klart dette med «Never Gonna Fall in Love Again».

Lister

endre
Liste (1977) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 3
U.S. Cash Box Top 100 4
Canadian RPM Top Singles 1
Australia 2
Tyskland[4] 11

Årslister

endre
Liste (1977) Plassering
U.S. Billboard Hot 100[5] 79
U.S. Cashbox[6] 43
Canada 27

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  1. «Shaun Cassidy lyrics». Top40db.net. Henta 27. januar 2015. 
  2. «1977 Singlar - Month By Month». Superseventies.com. Henta 27. januar 2015. 
  3. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 27. januar 2015. 
  4. http://ki.informatik.uni-wuerzburg.de/~topsi/deu1976/deu_251176.html
  5. «Top 100 Hits of 1977/Top 100 Songs of 1977». Musicoutfitters.com. Henta 27. januar 2015. 
  6. http://50.6.195.142/archives/70s_files/1977YESP.html