Opna hovudmenyen
Da Doo Ron Ron
Singel av The Crystals
Utgjeve April 1963
Innspelt Mars 1963
Sjanger R&B, pop, doo-wop
Lengd 2:18
Selskap Philles Records
Låtskrivar(ar) Phil Spector
Jeff Barry
Ellie Greenwich
Produsent Phil Spector
The Crystals-kronologi
«He's Sure the Boy I Love»
(1962)
Da Doo Ron Ron «Then He Kissed Me»
(1963)


«Da Doo Ron Ron» er ein hitsong frå 1963 av den amerikanske vokalgruppa The Crystals, produsert av Phil Spector Wall of Sound-stilen hans. Songen var skriven av Jeff Barry, Ellie Greenwich og Spector. Trommeslagar på songen var Hal Blaine.[1] Dolores «LaLa» Brooks var solovokalist.

Songen vart spelt inn i mars 1963 i Gold Star Studios i Los Angeles. Jack Nitzsche og Larry Levine arrangerte songen.[2]

« Det der er gull. Det der er reint gull som kjem ut av høgtalaren. »

—Spector til Sonny Bono etter å ha lytta gjennom den endelege versjonen av «Da Doo Ron Ron».[3]

LovordEndra

I 2004 vart songen rangert på 114. plassen på Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene, men då denne lista vart oppdatert i ei ny utgåve i 2010, var songen ein av dei 26 som hadde falle ut av lista, som den høgast plasserte på lista i 2004.[4] Han vart lista på 528 plassen på lista til Q Magazine over dei 1001 beste songane gjennom tidene. Berlin Media lista songen på 43. plassen på lista si over dei 100 beste singlane gjennom tidene i 1998. Han vart òg med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over «500 songar som forma rocken».

ListerEndra

Den 11. mai 1963 nådde songen tredjeplassen på Billboard Hot 100[5] og fjerdeplassen på Cash Box-lista.[6] Han nådde òg femteplassen på singellista i Storbritannia.

ListerEndra

Liste (1963) Plassering
Tyskland (Media Control AG)[7] 22
Irland (IRMA) 3
UK Singels (The Official Charts Company) 5
U.S. Billboard Hot 100 3
U.S. Cash Box 4

MusikkvideoEndra

Det vart laga ein video av songen for MTV med den originale innspeligna av songen.

Andre versjonarEndra

Shaun Cassidy-versjonenEndra

Da Doo Ron Ron
Singel av Shaun Cassidy
frå albumet Shaun Cassidy
B-side Holiday
Utgjeve Mars 1977
Innspelt 1976
Sjanger Pop
Lengd 2:50
Selskap Warner/Curb
Låtskrivar(ar) Phil Spector
Jeff Barry
Ellie Greenwich
Produsent Michael Lloyd
Shaun Cassidy-kronologi
Da Doo Ron Ron «That's Rock 'n' Roll»
(1977)


«Da Doo Ron Ron» vart spelt inn i 1977 av tenåringsidolet Shaun Cassidy på den første soloplata hans, Shaun Cassidy. Singelen nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA.[8] Songen vart den første av tre singlar på rad for Cassidy som nådde topp 10 i USA. Denne versjonen låg i alt 22 veker inne på lista og selde til gullplate.[9]

ListerEndra

Liste (1977) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 1
Cash Box 1
Canadian Singles Chart 1
UK
Australia
Tyskland

Andre versjonarEndra

Andre artistar som har spelt inn songen er Jack Nitzsche, The Searchers, [Iain Matthews]], Bette Midler, Tina Arena og John Bowles, The Donnas, The Beach Boys, Dave Edmunds, The Carpenters, The Raindrops og Brian Poole and the Tremeloes.[10]

I 1963 song Johnny Hallyday ein fransk versjon, skriven av Georges Aber,[11] i den første filmen hans, D'où viens-tu Johnny ?[12] Andre franske songarar som har spelt songen på fransk er Frank Alamo (1. juni 1963),[13] Richard Anthony og Sylvie Vartan,[14] og Donald Lautrec i Quebec.[15]

KjelderEndra

  1. Weinberg, Max, ‘’The Big Beat: Conversations with Rock’s great trommeslagarar’’, Billboard Books, NY 1991, c1988 p.85
  2. ‘’Phil Spector: Back to MONO (1958-1969)’’ ABKCO Records, 1991, liner notes
  3. Du Noyer, Paul (2003). The Illustrated Encyclopedia of Music (1st utg.). Fulham, London: Flame Tree Publishing. s. 14. ISBN 1-904041-96-5. 
  4. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Henta 6. februar 2015. 
  5. Whitburn, Joel, ‘’The Billboard Book of Top 40 Hits’’, Billboard Books, NY 1992 p. 121
  6. «Cash Box Top 100 Singlar». Cash Box. 22. juni 1963. Arkivert frå originalen 29. oktober 2007. 
  7. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  8. «Shaun Cassidy lyrics». Top40db.net. Henta 6. februar 2015. 
  9. «1977 Singlar - Month By Month». Superseventies.com. Henta 6. februar 2015. 
  10. «Da Doo Ron Ron». Songfacts.com. Henta 6. februar 2015. 
  11. «Frank Alamo - Da Doo Ron Ron Lyrics». Artists.letssingit.com. Henta 5. januar 2012. 
  12. Johnny Hallyday - Les Années 60 10 décembre 2009, http://www.rtbf.be/classic21/article?id=3882
  13. «1er juin 1963: Frank Alamo - Da dou ron ron - Histoire de la Chansons Française» (på French). Histoiredelachanson.over-blog.com. 1. juni 2012. Henta 6. februar 2015. 
  14. «DA DOU RON RON RON (Hallyday, Anthony, Vartan) - Lyrics». Lyricsplayground.com. Henta 6. februar 2015. 
  15. «The Crystals». Retrojeunesse60.com. Henta 5. januar 2012. 

BakgrunnsstoffEndra