The Ballad of Ira Hayes

«The Ballad of Ira Hayes» er ein song skriven av visesongaren Peter La Farge. Teksten handlar om Ira Hayes, ein av seks amerikanske marinesoldatar som vart kjend for å reise flagget på Suribachi under slaget om Iwo Jima i andre verdskrigen. Medlemmar av Western Writers of America valde ut songen som ein av dei 100 beste Western-songane gjennom tidene.[1]

Hayes var avbilda på Iwo Jima-minnesmerket som ein av seks menn som reiste det amerikanske flagget på Iwo Jima.

Songen er blitt spelt inn mange gonger. Populære versjonar er gjort av Johnny Cash, som nådde tredjeplassen på Billboard Country Singles-lista i 1964. Patrick Sky, Hamilton Camp, Pete Seeger, Smiley Bates, Bob Dylan, Townes Van Zandt, Kinky Friedman, Hazel Dickens og Kris Kristofferson har òg alle spelt songen.

Kjelder endre

  1. Western Writers of America (2010). «The Top 100 Western Songs». American Cowboy. Arkivert frå originalen 10. august 2014.