Kristoffer Kristofferson (fødd 22. juni 1936) er ein amerikansk countrysongar og filmskodespelar. Han er mellom anna kjend for songane «Me and Bobby McGee», «For the Good Times», «Sunday Mornin' Comin' Down» og «Help Me Make It Through the Night», som alle blei hittar for andre artistar. Kristofferson har skrive songar åleine og samarbeidd med låtskrivarar frå Nashville som Shel Silverstein.[1]

Kris Kristofferson
2018 Kris Kristofferson - by 2eight - DSC5043 cropped.jpg
Fødd22. juni 1936 (84 år)
FødestadBrownsville
OpphavUSA
Aktiv1966–
SjangerCountry
Instrumentgitar, piano, munnspel, vokal
PlateselskapMonument Records, Columbia Records, Mercury Records, Warner Music Group
Verka somfilmskodespelar, singer-songwriter, songar, skodespelar, flygar, komponist, gitarist, plateartist, stemmeskodespelar
MorMary Ann Ashbrook
FarLars Henry Kristofferson
Gift medRita Coolidge
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Johnny Mercer Award, Rhodes-stipendiet, Grammy Award for Best Country Song, "Spirit of Americana" Free Speech Award, National Defense Service Medal

I 1985 danna Kristofferson saman med countryartistane Waylon Jennings, Willie Nelson og Johnny Cash country-supergruppa The Highwaymen. Han var med i den såkalla outlaw country-rørsla som satsa på countrymusikk som blei skriven og produsert utanfor Nashville-maskineriet.

Liv og virkeEndra

Etter å ha utmerkt seg både sportsleg og akademisk på college i USA fekk han eit Rhodes-stipend så han kunne studera ved Merton College i Oxford. Han tok mastergrad i litteratur med hovudvekt på diktinga til William Blake.

Kristofferson oppnådde kapteinsgrad i løpet av dei fire åra han var i den amerikanske hæren, og han blei opplært til og tenestegjorde som helikopterpilot.[2] Han fullførte United States Army Ranger School.

Han braut med alt for å bli låtskrivar, noko som førte til skilsmisse og at foreldra ikkje ville vita av han. Kristofferson byrja som vaktmeoster i platestudioet der Johnny Cash heldt til. For å oppnå kontakt, landa Kris i hagen til Cash med helikopter for å selja songane sine.[2]

1970 blei det store Kristofferson-året. Éin etter éin klatra artistar til toppen av listene med songane hans. Sammi Smith med «Help Me Make It Through the Night», Janis Joplin med «Me and Bobby McGee», Johnny Cash med «Sunday Morning Coming Down» og Ray Price med «For the Good Timest». Til sist gjorde han det sjølv med «Why Me Lord».

Han har spelt på Protestfestivalen i Kristiansand fleire gonger.[3]

Kristofferson er òg filmskodespelar og har spelt i eit femtitals filmar. Blant dei mest kjende er som Billy the Kid i Pat Garrett & Billy the Kid (1973), A Star Is Born (1976, mot Barbra Streisand), Convoy (1978), A Soldier's Daughter Never Cries (1998), Blade-trilogien (1998–2004) og Payback (1999).

Han hadde òg ei rolle i den norske barnefilmen Yohan – Barnevandrer (2010)

I 2006 blei Krisoffersin teken inn i Songwriters Hall of Fame.

ReferansarEndra

  1. Silverstein, Shel & Kristofferson, Kris (2004). «Once More with Feeling». Files Tube Lyrics. Arkivert frå originalen 14. juli 2012. Henta 2. februar 2013. 
  2. 2,0 2,1 «This music legend stole a helicopter and landed it at Johnny Cash's house». WeAreTheMighty. 16. september 2017. 
  3. «Kris Kristofferson – frihetsforkjemper og trøster». vg.no. 22. juni 2016. 

LitteraturEndra

  • Jack Bernhardt (1998). «Kris Kristofferson». I Paul Kingsbury. The Encyclopedia of Country Music. New York: Oxford University Press. s. 286-287.