Opna hovudmenyen

Townes Van Zandt (7. mars 19441. januar 1997) var ein amerikansk musikar.

Townes Van Zandt
Townes Van Zandt.jpg
Fødd 7. mars 1944
Fort Worth
Død

1. januar 1997
Nashville

Yrke singer-songwriter, songar, låtskrivar, gitarist
Townes Van Zandt på Commons

Van Zandt blei fødd i Fort Worth i Texas, og reiste i ungdommen rundt i Texas og Colorado. Han var ein direkte etterkommar av Isaac Van Zandt, ein framståande leiar av Republikken Texas.

Musikalsk var Townes Van Zandt inspirert av blant anna bluesartisten Lightnin' Hopkins, og hadde alltid songane hans på reportoaret. Tidleg i karrieren skreiv han mange humoristiske songar. Seinare gjekk han meir over til mørke og bittersøte kjærleikssongar og balladar, som «For the Sake of the Song» og «Tecumseh Valley».

For det meste spelte han for små men mottakelege publikum i barar i Texas. Tomato Records slapp eit dobbelt live-album frå Old Quarter i Houston med ein slik konsert. Det inneheld hans mest populære songar som «Lungs», «For the Sake of the Song», «Tecumseh Valley», «To Live Is To Fly», «If I Needed You», og hans mest berømte song, grunna utallige cover-versjoner av blant anna Willie Nelson og Merle Haggard «Pancho and Lefty».

Townes Van Zandt haldt fram med å skrive og opptre i sitt eige tempo gjennom 1990-talet, til han døydde av eit hjarteinfarkt i 1997. Van Zandt har inspirert fleire artistar, blant anna Norah Jones, Bob Dylan, Lyle Lovett, Bright Eyes, Emmylou Harris, Nancy Griffith, Cowboy Junkies og Meat Puppets.