The Bar-Kays
The Bar-Kays er ei amerikansk soul-, R&B- og funkgruppe skipa i 1966. Gruppa hadde dusinvis av hitsinglar frå 1960- til 1980-åra, som «Soul Finger» (US Billboard Hot 100 17. plass, R&B 3. plass) i 1967, «Son of Shaft» (R&B 10. plass) i 1972, og «Boogie Body Land» (R&B 7. plass) i 1980.
The Bar-Kays | |||
| |||
Opphav | Memphis i Tennessee i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1966–1989, 1991 til i dag | ||
Sjanger | R&B, soul, funk | ||
Tilknytte artistar | Otis Redding, Albert King | ||
Plateselskap | Stax, Mercury, Rhino, Island Records | ||
Medlemmer | James Alexander Larry Dodson | ||
Tidlegare medlemmer | Ben Cauley Ronnie Caldwell Carl Cunningham Phalon Jones Jimmie King Harvey Henderson Ronnie Gorden Willie Hall Michael Toles Winston Stewart Charles «Scoops» Allen Alvin Hunter Barry Wilkins Lloyd Smith Mike Beard Frank Thompson Sherman Guy Larry «LJ» Johnson Marcus Price Tony Gentry Archie Love Bryan Smith |
Historie
endreThe Bar-Kays byrja i Memphis i Tennessee som ei studiogruppe som akkompagnerte store artistar på Stax Records. I 1967 vart dei valde ut av Otis Redding til å spele som bandet hans og fekk opplæring i denne rolla av Al Jackson jr., Booker T. Jones og dei andre medlemmane i Booker T. & the M.G.'s.[1] Den første singelen deira, «Soul Finger», kom ut 14. april 1967 og nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard R&B Singles-lista og 17. plassen på Billboard Hot 100. Den 10. desember 1967 omkom Redding og fire medlemmar i bandet — Jimmie King (f. 8. juni 1949; gitar), Ronnie Caldwell (f. 27. desember 1948; elektrisk orgel), Phalon Jones (f. 1948; saksofon) og Carl Cunningham (f. 1948; trommer) — og partnaren deira, Matthew Kelly, då flyet deira styrta i Lake Monona, nær Madison i Wisconsin under eit landingsforsøk ved Truax Field. Redding og bandet skulle spele konsertar i Madison. Trompetisten Ben Cauley var den einaste som overlevde styrten. Bassisten James Alexander var på eit anna fly, sidan flyet til Redding berre hadde plass til sju passasjerar. Cauley og Alexander bygde så opp att gruppa.
Den nyoppretta gruppa bestod av Cauley, Alexander, Harvey Henderson på saksofon, Michael Toles på gitar, Ronnie Gorden på orgel, Willie Hall på trommer og seinare Larry Dodson (tidlegare i eit anna Stax-band Temprees) på solovokal. Gruppa akkompagnerte dusinvis av store Stax-artistar, som Isaac Hayes på albumet hans Hot Buttered Soul.
Cauley slutta i gruppa i 1971, og lét Alexander, Dodson (vokal, vibrafon), Barry Wilkins (gitar), Winston Stewart (klaverinstrument), Henderson (tenorsaksofon, fløyte), Charles «Scoops» Allen (trompet) og Alvin Hunter (trommer) skape albumet Black Rock.[2] Lloyd Smith kom med i 1973 og bandet endra musikalsk retning i 1970-åra, og skapte ein suksessrik karriere innan funk. Då Stax/Volt vart lagt ned i 1975 signerte gruppa med Mercury Records.[3] I 1976 nådde Dodson (vokal), Alexander (bass), Lloyd Smith (gitar), Allen (trompet), Henderson (saksofon), Frank Thompson (trombone), Stewart (klaverinstrument) og Mike Beard (trommer) femteplassen på R&B-lista med «Shake Your Rump to the Funk».[3] Hausten 1977 kom gruppa ut med Flying High on Your Love, eit album som inneheldt «Shut the Funk Up».[4]
I 1983 slutta Sherman Guy i gruppa og Larry (LJ) Johnson tok over på vokal og perkusjon. Charles Allen slutta i gruppa like før ho tok ei meir kommersiell retning.[5] The Bar-Kays fortsette å ha hittar på R&B-listene langt inn i 1980-åra.
Gitaristen Marcus Price, eit medlem i bandet, vart myrda på veg heim frå ei øving i 1984. Saka vart aldri løyst av politiet i Memphis.
Bandet tok ein lengre pause seint i 1980-åra, men kom attende i 1991, med Alexander attende som det einaste originale medlemmet. Sidan 1991 har Larry Dodson, Archie Love, Bryan Smith og Tony Gentry spelt i gruppa.
Diskografi
endreAlbum
endre- 1967 Soul Finger (Volt S417)
- 1969 Gotta Groove (Volt VOS-6004)
- 1969 Hot Buttered Soul (Isaac Hayes) (bandet akkompagnerte Hayes)
- 1971 Black Rock (Volt VOS-6011)
- 1972 Do You See What I See?
- 1974 Coldblooded (Volt VOS-6023)
- 1976 Too Hot to Stop (Mercury Records)
- 1977 Flying High on Your Love
- 1978 Money Talks
- 1978 Light of Life
- 1979 Injoy
- 1980 As One
- 1981 Nightcruising
- 1982 Propositions
- 1984 Dangerous
- 1985 Banging the Wall
- 1987 Contagious
- 1989 Animal
- 1994 48 Hours
- 2012 Grown Folks
Singlar
endre- 1967 – «Soul Finger» (nummer 17 pop, nummer 3 R&B, nummer 13 Canada)
- 1967 – «Knucklehead» (nummer 76 pop, nummer 28 R&B)
- 1967 – «Give Everybody Some» (nummer 91 pop, nummer 36 R&B)
- 1972 – «Son of Shaft» (nummer 53 pop, nummer 10 R&B)
- 1976 – «Shake Your Rump to the Funk» (nummer 23 pop, nummer 5 R&B)
- 1977 – «Too Hot to Stop» (nummer 74 pop, nummer 8 R&B)
- 1977 – «Spellbound» (nummer 29 R&B)
- 1978 – «Let's Have Some Fun» (nummer 11 R&B)
- 1978 – «Attitudes» (nummer 22 R&B)
- 1979 – «Holy Ghost» (nummer 9 R&B)
- 1979 – «I'll Dance» (nummer 26 R&B)
- 1979 – «Are You Being Real» (nummer 61 R&B)
- 1979 – «Shine» (nummer 14 R&B)
- 1979 – «Move Your Boogie Body» (nummer 53 pop, nummer 90 dance, nummer 3 R&B)
- 1980 – «Today Is the Day» (nummer 60 pop, nummer 25 R&B)
- 1981 – «Hit & Run» (nummer 5 R&B)
- 1981 – «Boogie Body Land» (nummer 73 dance, nummer 7 R&B)
- 1981 – «Body Fever» (nummer 42 R&B)
- 1982 – «Freaky Behavior» (nummer 60 dance, nummer 27 R&B)
- 1982 – «Hit & Run/Freaky Behavior» (nummer 49 dance)
- 1982 – «Do It»
- 1982 – «Propositions»
- 1983 – «She Talks to Me With Her Body» (nummer 62 dance, nummer 13 R&B)
- 1984 – «Freak Show on the Dance Floor» (nummer 73 pop, nummer 2 R&B)
- 1984 – «Sexomatic» (nummer 12 R&B)
- 1984 – «Dirty Dancer» (nummer 17 R&B)
- 1985 – «Your Place or Mine» (nummer 44 dance, nummer 12 R&B)
- 1985 – «Banging the Walls» (nummer 67 R&B)
- 1987 – «Certified True» (nummer 9 R&B)
- 1989 – «Struck by You» (nummer 11 R&B)
- 1994 – «Old School Megamix» (nummer 44 rap)
- 1995 – «Mega Mix» (nummer 96 R&B)
- 1995 – «The Slide» (nummer 82 R&B)
I popkulturen
endreThe Bar-Kays var med i dokumentarfilmen Wattstax frå 1973.
I filmen Spies Like Us frå 1985 med Dan Aykroyd og Chevy Chase, vart The Bar-Kays-hitten «Soul Finger» spelt. Songen er òg nytta i komedien Superbad frå 2007 og i Sparkle frå 2012.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Bar-Kays» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Bar-Kays on iTunes». Itunes.apple.com. 10. desember 1967. Henta 15. august 2016.
- ↑ Strong, Martin Charles (2002). The great rock discography. The National Academies. s. 144. ISBN 1841953121. Henta 15. august 2016.
- ↑ 3,0 3,1 Thompson, Dave (2001). Funk. Hal Leonard Corporation. s. 74. ISBN 0879306297. Henta 15. august 2016.
- ↑ Bogdanov, Vladimir (2003). All music guide to soul: the definitive guide to R&B and soul. Hal Leonard Corporation. s. 35. ISBN 0879307447. Henta 15. august 2016.
- ↑ Bogdanov, p. 34
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- The Bar-Kays på Allmusic
- The Bar-Kays-diskografi på Discogs