The Best of Times av Styx

The Best of Times
Singel av Styx
frå albumet Paradise Theatre
B-side

Lights

Utgjeve Januar 1981
Innspelt 1980
Sjanger poprock
Lengd 4:17
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Dennis DeYoung
Styx-kronologi 
«Lights»
(1980)
The Best of Times «Too Much Time on My Hands»
(1981)


«The Best of Times» er ein song av Styx og den første singelen frå albumet deira Paradise Theatre i 1981. Songen gjekk til topps i på den nasjonale RPM-lista i Canada, og vart den andre førsteplassen deira der.[1] I USA nådde songen tredjeplassen på Billboard Hot 100, der han låg i fire veker i mars og april 1981. I Storbritannia missa songen så vidt topp 40 og nådde 42. plassen på UK Singles Chart.[2]

Den grunnleggjande melodien for «The Best of Times» er nytta to andre stader på albumet, først i det første sporet på albumet, «A.D. 1928», og så i ein rolegare versjon på avslutningssporet, «A.D. 1958».

Songen vart nytta i filmen Big Daddy, der Adam Sandler spelar ein stor Styx-fan.

Medverkande endre

Salslister endre

Årsliste (1981) Plassering
US Top Pop Singles (Billboard)[3] 30

Kjelder endre